Bjørn Arild Gram IKKE GJENBRUK foto ntb scanpix 11
FÅR BESØK: Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram får denne veka besøk av opprørte partifellar frå Haram. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Nytt

Fryktar Haram-splid i regjeringa

Denne veka får kommunalministeren besøk av oppførte partifeller frå Ålesund.

29.03.2022

(NPK-NTB): Ap og Sp stridest lokalt om korleis den nye kommunegrensa til Haram skal teiknast etter splittinga frå Ålesund.

No må partia løyse det saman i regjering, skriv Klassekampen.

Har sendt skilsmissesøknad
I mars stemde over 70 prosent av innbyggjarane i Haram kommune for å skiljast frå Ålesund kommune. Dei får ønsket sitt oppfylt, og resultatet er at Haram skal skiljast ut.

Med Aps støtte har likevel Ålesund kommune sendt søknad om ei grensejustering av Haram kommune som inneber at den nye kommunen mistar om lag halvparten av innbyggjarane.

Fryktar Ap-Sp-splid

Sp er lokalt imot denne løysinga, og gruppeleiar Lisa Alvestad i Ålesund Sp seier ho fryktar at konflikten kan skape splid mellom Sp og Ap i regjering, dersom Sp ikkje får gjennomslag for at heile Haram blir skild ut frå Ålesund.

– Eg reknar med at Ap nasjonalt kanskje kan sjå det litt større biletet og følgje lovnadene i Hurdalsplattforma, og ikkje følgje fraksjonen i Ap i Ålesund som ønskjer å ta halve Haram, seier ho til avisa.

Får Ålesund-besøk
Kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) får denne veka besøk av dei opprørte partifellane sine frå Haram. Kommunen vart tvangssamanslått med Ålesund i 2017. Han seier han ikkje fryktar intern strid i regjeringa.

– Det er det ingen grunn til å spekulere på. Vi har ein hurdalsplattform som ligg i botnen, så skal vi følgje både lova og Hurdalsplattforma her og ha greie prosessar rundt det, seier han til same avis.

(©NPK)

Publisert: 29.03.2022 10:16

Sist oppdatert: 29.03.2022 10:26

Mer om