Dette er moderne arkitektur og skaper arbeidsplassar
VALLDAL: Juvet landskapshotell i Valldal er eit døme på at Nasjonale turistvegar bidreg positivt i distriktet, meiner arkitekt Jan Olav Jensen. 
Nytt

- Dette er moderne arkitektur og skaper arbeidsplassar

Det seier arkitekt Jan Olav Jensen etter at Betram D. Brochmann kritiserer utforminga av toalettbygg og utsiktsplassar langs Nasjonale turistvegar.

20.07.2020
NPK- Margunn Sundfjord: Rasteplassane og utsiktsplassane langs Nasjonale turistvegar får altfor mykje merksemd og forstyrrar forståinga vår av korleis naturen eigentleg er, meiner arkitekt Bertram D. Brochmann.
I eit debattinnlegg i Bergens Tidende kjem han med sterk kritikk av måten toalettbygg og utsiktsplassar langs Nasjonale turistvegar er forma på.
Til Nynorsk pressekontor forklarer han at det særleg er to ting han reagerer på.
– Det eine er synet på norsk natur, og det andre er synet på arkitektur. Desse rasteplassane og desse signalbygga er forma i kontrast til omgjevnadene sine og er etter mi meining for enkelt til å kallast arkitektur. God arkitektur handlar om setja ting inn i ein større samanheng, ikkje dominera han, strekar arkitekten under.

– Tek bort merksemda

Brochmann meiner utsiktsplassane og toaletta langs Nasjonale turistvegar er forma som designa objekt i høve til spektakulær utsikt og nifse stup som tek merksemda bort frå korleis naturen og kulturlandskapet eigentleg er.
– Nasjonale turistvegar forstyrrar på denne måten forståinga av samanhengar og undergrev at arkitektur er noko meir enn forming av utsiktsterassar og nokre vegger omkring eit toalett, som er laga i sterk kontrast til ein unik utvald natursituasjon, skriv han i innlegget sitt i BT.
– Naturen blir på ein måte lagt ned, samtidig som desse bygga blir det dominerande, utdjupar han til Nynorsk pressekontor.

Sjølvforsterkande

Arkitekten meiner rasteplassane til Nasjonale turistvegar har blitt ei slags forlenging av nasjonalromantikken der kunstnaren framstilte naturen som eit litt overflatisk måleri som borgarskapet kunne hengja på veggen.
– No er det litt på same måte. Ein lagar norsk natur som eit slags bilete som får stor publisitet. Desse anlegga er veldig fotogene. Dei er vakre på bilete, og kjem i alle slags tidsskrift, seier Brochmann.
Han legg til at alle rasteplassprosjekta dessutan er gjennomført av ein byggherre som har masse pengar.
At prosjekta til Nasjonale turistvegar får så stor merksemd er etter hans meining med på å forsterka oppfatninga at dette er måten å byggja hus på, og at husa skal bli lagt merke til med skeive vinklar og spesielle overflater. Mykje godord og reklame er ikkje noko bevis for at anlegga er stor arkitektur og at det er ein rett trend å halda fram med, meiner han.

– Bør stoppast

Brochmann meiner arkitekturen til Nasjonale turistvegar er uheldig og bør stoppast. I staden etterlyser han ei meir heilskapleg og berekraftig tenking som set både arkitekturen og naturen inn i ein større samanheng. Ei tenking som tek meir omsyn til den levande naturen, lokalsamfunnet og landbruket.
Han peikar i tillegg på at prosjekta er dyre og kostar opp mot 4600 millionar kroner, noko som ikkje går inn i ein økologisk samanheng.
– For å løysa toalettproblema langs vegane burde ein heller gjeve støtte til bensinstasjonane med godt reinhald og fått laga eit funksjonelt designa standardtoalett plassert langs vegane i den norske naturen. Det ville vore mykje meir realt, seier Bertram D. Brochmann.

– Kvalitetsheving

Arkitekt Jan Olav Jensen er grunnleggjande usamd med Bertram D. Brochmann. Han er medeigar i arkitektkontoret Jensen & Skodvin Arkitekter AS som står bak mange av prosjekta til Nasjonale Turistvegar,
Jensen peikar mellom anna på at rasteplassar var ei lågstatus oppgåve blant arkitektar heilt fram til 1995, då Nasjonale Turistvegar starta.
– Den gongen var det ingen som drøymde om å få den type jobb. Etter kvart blei det veldig rift om å få desse jobbane. Mange meiner det har bidrege til ei kvalitetsheving i eit forsømt felt i norsk arkitektur- og landskapsarkitektur, seier Jensen.
– Ein kan sjølvsagt diskutera om dette har vore ei ønskt utvikling eller ikkje, men innan arkitektur finst det omtrent like mange meiningar som arkitektar. At nokon er ueinig at det som er gjort, er bra, er difor ikkje overraskande, legg han til.

– Revitalisering av norsk arkitektur

Jensen, som også er professor ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo, er grunnleggjande usamd med Brochmann i at anlegga til Nasjonale turistvegar ikkje tek omsyn til naturen og landskapet dei blir bygde i.
– Eg meiner Nasjonale turistvegar er eitt av dei beste eksempla i norsk arkitektur på at ein tilpassar seg naturen, seier han.
Etter hans meining har Nasjonale turistvegar revitalisert ein eldgammal norsk arkitekturtradisjon der ein tilpassar huset til tomta og ikkje omvendt.
– Det er noko nordmenn alltid har gjort så lenge dei har kunna byggja. Fjellet og naturen er så mektig, at ein er nøydd å tilpassa menneska og husa til landskapet. Det er sjølve grunntanken i Nasjonale turistvegar.
Jensen meiner rasteplassen Sohlbergplassen ved fylkesveg 27 nær Atnsjøen er eit godt døme på dei arkitektoniske kjerneverdiane til Nasjonale turistvegar. Her er det bygd ei utsiktsplattform på stolpar inni ein skog med utsikt til Rondane og fjella i det kjende måleriet til Harald Sohlberg «Vinternatt i Rondane».
Utsiktsplattforma er ifylgje Jensen bygd utan dynamitt, felling av tre og utan at området er øydelagt for plante- og dyreliv.

Bidreg til bygdeutvikling

Jensen er også usamd med Brochmann i at Nasjonale turistvegar forvirrar oppfatninga av landskapet og bidreg til å skapa eit romantisk bilete av naturen. Han peikar på Nasjonale turistvegar mellom anna har ført til bygdeutvikling og ei revitalisering av lokalt næringsliv.
– Juvet landskapshotell er etter mi meining eit godt døme på at moderne arkitektur bidreg til bygdeutvikling, seier arkitekten bak det kjende landskapshotellet i Valldal.
Han viser til at hotellet har ført til fem, seks arbeidsplassar og auka aktivitet i ei lita fråflyttingstruga bygd.
– Eg ser ikkje at det er gale. Heller ikkje med dei brillene Bertram D. Brochmann tek å seg, seier Jan Olav Jensen.
For å løysa toalettproblema langs vegane burde ein heller gjeve støtte til bensinstasjonane med godt reinhald

Publisert: 20.07.2020 13:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00