Offshore konstruksjonsskipet vart levert i april til DOF Subsea Rederi.
Skandi Africa er 160,9 meter lang og 32 meter brei og spesialkonstruert for avanserte subseaoperasjonar.
Skandi Africa har eit nytt design. Om bord er det to storeoffshorekraner, den eine på 900 tonn, den andre på 150 tonn.
Dekksarealet er på heile 2700 kvadratmeter.
Skipet er utstyrt for operasjonar ned til 3000 meter djupne. Innreiinga er for 140 personar.
Bak prisen står Skipsrevyen.
Skandi Africa konkurrerte med fire andre skip, alle med streke band til Norvestlandet. Dei fire var Far Sleipner til Farstad Shipping, Island Venture til Island Offshore/Edison Quoest, Polar Empress til GC Rieber Shipping og Viking Neptun til Eidesvik Offshore.
Redaktør Asle Strønen i Skipsrevyen har vore ein av tre jurymedlemar. Dei to andre har vore Rolf Sæther, tidlegare adm. dir. i Norges Rederiforbund og Birger Skår, adm. dir. i Norske Skipsverft.
- Dette vert gjort for å heidre dei kvinner og menn som gjennom skaparvilje og nye tankesett klarer å pushe næringa framover, seier Asle Strønen.
Skandi Africa er 160,9 meter lang og 32 meter brei og spesialkonstruert for avanserte subseaoperasjonar.
Vard-produkt
Vard står bak både design og bygging av skipet, som vert rekna som eitt av dei mest avanserte skipa levert frå eit norsk verft nokon gong.Skandi Africa har eit nytt design. Om bord er det to storeoffshorekraner, den eine på 900 tonn, den andre på 150 tonn.
Dekksarealet er på heile 2700 kvadratmeter.
Skipet er utstyrt for operasjonar ned til 3000 meter djupne. Innreiinga er for 140 personar.
Kong Harald på plass
Næringsminister Monica Mæland stod for overrekkinga av Ship of the Year under Nor-Shipping tysdag. På plass var også kong Harald.Bak prisen står Skipsrevyen.
Skandi Africa konkurrerte med fire andre skip, alle med streke band til Norvestlandet. Dei fire var Far Sleipner til Farstad Shipping, Island Venture til Island Offshore/Edison Quoest, Polar Empress til GC Rieber Shipping og Viking Neptun til Eidesvik Offshore.
Redaktør Asle Strønen i Skipsrevyen har vore ein av tre jurymedlemar. Dei to andre har vore Rolf Sæther, tidlegare adm. dir. i Norges Rederiforbund og Birger Skår, adm. dir. i Norske Skipsverft.
- Pushar næringa framover
Strønen seier at lesarane av Skipsrevyen kjem med forslag til vinnarprosjekt, og så er det juryen som plukkar ut dei nominerte og avgjer kven som vert vinnar.- Dette vert gjort for å heidre dei kvinner og menn som gjennom skaparvilje og nye tankesett klarer å pushe næringa framover, seier Asle Strønen.
Publisert: 02.06.2015 11:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44