DN: Stad skipstunnel utsett
Trykker på pauseknappen, skriv Dagens Næringsliv.
Kystverket skal etter planen lyse ut anbodet om å bygge skipstunnelen i sommar.
No skriv Dagens Næringsliv at regjeringen skal gå gjennom prosjektet. "Det er ingen avlysning, men de trykker på pauseknappen", skriv avisa.
Grunnen skal vere kostnadsauke.
Følg pressekonferanse fra klokka 11 (ekstern lenke)
Arbeidet med Stad skipstunnel går etter planen, opplyste Kystverket i ei oppdatering rundt prosjektet tidlegare i år.
For å vere i rute til kontraktssignering og mogleg byggjestart neste haust vil ein starte med forberedande arbeid no i sommar og haust. Arbeidet går mellom anna ut på å flytte ei høgspentlinje i Moldefjorden og starte med å rive hus og bygningar i Kjøde.
Kommunane (Stad, Vanylven og Kinn) er bedne om å samordne seg, og ha ei prioriteringsliste klar med tiltak som bør få stein frå Stad skipstunnel innan 1. juni.
Over 160 representantar frå totalentreprenørar og andre leverandørar møtte opp då Kystverket arrangerte leverandørkonferanse for bygginga av Stad skipstunnel i vinter-
– Oppmøtet, engasjementet og tilbakemeldingane hittil viser at det er stor interesse for prosjektet, sa prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Skjeppestad.
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) åtvara i fjor haust mot å tru at pengane til Stad skipstunnel ville kome.
"Det er først inn mot statsbudsjettet i 2024 det verkeleg store slaget vil stå, og Stad Skipstunnel har blitt mobbe-offer nummer 1 både i departementsmiljøa og i «snakke-klassen» i Oslo som skriv leiarartiklar og kommentarar i dei største avisene, sirklar rundt Stortinget på dagleg basis og har stor uformell makt i det politiske systemet", skreiv Bjørlo i eit innlegg i NETT NO.
Publisert: 11.05.2023 10:02
Sist oppdatert: 11.05.2023 10:49