Dobla omsetninga etter gjennomslag for ny metode
Undersøker rekkverk over heile landet med kunstig intelligens.
Teknologiselskapet Isi på Åndalsnes er i ferd med å revolusjonere korleis rekkverk langs norske vegar blir kontrollert.
Etter at selskapet har fått gjennomslag for metoden, gjorde inntektene eit kraftig hopp i fjor. Ei omsetning på drygt 16 millionar – er meir enn ei dobling frå året før.
– Det er kjempeartig å sjå at det funkar bra, og at vi ha kundar som har lyst til å nytte seg av verktøyet vårt, fortel sals- og marknadssjef Ole Alexander Eidsvold til Nett No.
Lønnsemda var også solid, og 2023 enda med eit overskot før skatt på knappe 2,4 millionar (sjå tabell under).
Trengde ny metode for inspeksjonar
Torsdag skal Eidsvold på scena under Ikubenkonferansen, for å snakke om korleis Åndalsnes-bedrifta har jobba.
Eit nedslåande resultat i eit tilsyn med rekkverk langs norske vegar, var utgangspunktet for det som er blitt ei blomstrande it-verksemd.
Undersøkinga frå 2019 gjorde at det blei etterlyst betre måtar å kontrollere vegrekkverk. Etter fleire år med utviklingsarbeid, kom Rauma-bedrifta opp med løysinga som gjer jobben langt meir effektivt – og med betre resultat.
– Måten inspeksjonar vanlegvis gjerast i dag, er sopass krevjande både når det gjeld ressursar og tid, og at det nesten ikkje har vore mogleg å gjennomføre, fortel Eidsvold.
Isi As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 16 | 7,6 |
Driftsresultat | 2,4 | -0,4 |
Resultat før skatt | 2,4 | -0,4 |
Kan gjere jobben i 80 kilometer i timer
Den vanlege praksisen for å finne ut om det er feil eller manglar på vegrekkverk, er ein manuell inspeksjon der ein treng tre personar og to køyretøy som beveger seg i 10-15 kilometer i timen.
Med metoden kalla « iSi inSight» kan éin person gjere jobben med eit køyretøy – i opptil 80 kilometer i timen. Det seier seg sjølv at effektiviteten knapt kan samanliknast.
– Det er også langt mindre trafikkfarleg, når ein slepp å senke farta i trafikken over lange vegstrekk, legg Eidsvold til.
Kamerarigg og kunstig intelligens
Ein av hemmelegheitane er ein kamerarigg som it-selskapet har utvikla gjennom fleire år.
– Kamerariggen tek bilde av rekkverket, som vi etterpå behandlar med eit program som nyttar maskinlæringsmodellar og kunstig intelligens. Slik kan vi identifisere feil, eller svakheiter, fortel Eidsvold.
Utviklingsarbeidet er gjort i samarbeid med Statens vegvesen, NTNU og rekkverksmontørane i Arvid Gjerde As - med støtte frå Innovasjon Norge.
Skal inspisere riksvegar over heile landet
Undervegs har dei oppdaga fleire bruksområde for teknologien, mellom anna å kartlegge kva type rekkverk som finst på riksvegane.
– Mykje av arbeidet har bestått av å trene modellane til å bli best mogleg. Arbeidet med å klare å identifisere alle ulike type rekkverk, har nok vore den største utfordringa til no, men vi er blitt gode også på det feltet, seier Eidsvold.
Selskapet har allereie sikra seg kontrakt med å inspisere europavegar og riksvegar over heile landet for Statens vegvesen.
Møre og Romsdal og Nordland fylkeskommunar er óg kundar. Marknadssjefen fortel at dei vil jobbe med å sikre seg fleire fylkeskommunar i porteføljen framover.
Har auka staben
Veksten har ført til at it-selskapet har auka staben frå 10 til 17 tilsette det siste året. Eidsvold er sjølv relativt ny i stillinga som sal– og marknadsjef, og har flytta heim til Romsdalen etter å ha budd 14 år på Austlandet.
– Eg opplever at selskapet har vore gode til å rekruttere folk utanfor regionen, og vi har vorte eit mangfaldig team med folk frå ulike nasjonar, fortel Eidsvold.
Dei har óg eit tett samarbeid med NTNU både i Ålesund og Trondheim, og fire av dei tilsette jobbar ved eit nyopna Trondheim-kontor.
I løpet av den siste tida har selskapet fått på plass ei ny leiargruppe. Den består forutan Eidsvold av, Børge Torvik, som teknologisjef, Linda Moen, som administrasjons- og økonomisjef og Fred Husøy som dagleg leiar.
Publisert: 25.04.2024 05:00
Sist oppdatert: 25.04.2024 12:06