Asbjørg Giske Maritimt Magasin foto ogne 11
BRATTVÅG: Asbjørg Reiten Giske er redaktør for Maritimt Magasin som held til i Brattvåg. Selskapet dobla overskotet frå 2020 til 2021. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Dobla overskotet frå magasindrift

18. året med pluss for Maritimt Magasin i Brattvåg.

Marius Rosbach
10.06.2022

Inntektene heldt seg oppe på same nivå som dei siste åra, men Maritimt Magasin dobla overskotet i fjor, samanlikna med året før.

Det viser årsrapporten som nyleg blei klar frå Brønnøysundregistera.

Asbjørg Reiten Giske er redaktør for det Brattvåg-baserte magasinet, som i 2021 kunne notere seg for det 18. året på rad med plussresultat.

Omsetninga heldt seg oppe
Maritimt Magasin har merka godt koronapandemien, som har ført til at det knapt har blitt arrangert messer og konferansar dei siste åra.

Selskapet fekk likevel ei omsetning i fjor på knappe 6,1 millionar, eit par hundretusen svakare enn året før.

Dobla overskot
Overskotet før skatt blei meir enn dobla frå drygt 900.000 til nær to millionar kroner.

Rekneskapen viser at lønnskostnadene er kraftig redusert i løpet av dei siste åra, noko som har bidrege til betre lønnsemd i selskapet.

Asbjørg Reiten Giske eig 100 prosent av selskapet, som har ei samla gjeld på knappe to millionar, og samla eigenkapital på 8,5 millionar kroner.

Maritimt Magasin

Årsresultat (i mill kr)


2021

2020

Driftsinntekter

6,1

6,3

Driftsresultat

1,97

0,9

Res. før skatt

2

1

Publisert: 10.06.2022 10:27

Sist oppdatert: 10.06.2022 11:23

Mer om