Montasje kleven kitin kystruten foto marius kjetil 11
STOR INTERESSE: Interessen fra it-milliardæren Alex Bouzari for Green Yard Kleven (t.v.), Rune Frostad og Nils Halvard Molnes si krillsatsing i Kitin (t.h. nede) og Havila Kystruten sitt skifte av toppsjef, hadde stor interesse blant NETT NO-leserne i 2021. Foto: Kjetil Haanes/Marius Rosbach
Nytt

Mest lest i 2021

Utanlandsk interesse for Kleven, krill-satsing på Giske og skifte av toppsjef i Havila Kystruten, blant de mest leste sakene på NETT NO.

Marius Rosbach
31.12.2021

Sjå topplista under

Nyheita om at it-milliardæren Alex Bouzari ønska å kome inn på eigarsida på Kleven-verftet, var den mest leste saka på NETT NO i 2021.

Bouzari som er ein av grunnleggjarane av eitt av verdas største privat eigde datalagringsselskap Datadirect Netwoks, var imponert over kvaliteten på yachtar og ekspedisjonsskip frå verftet på Sunnmøre.

Det var bakgrunnen for at NETT NO 5. oktober kunne fortelje om interessa frå den iranske-fødde og USA-busette forretningsmannen.

Nokre dagar seinare fortalde NETT NO at Bouzari også ønska å bygge ein luksusyacht ved Green Yard-verftet. Også den saka var mellom dei mest leste i 2021.

Krillsatsing på Giske
Satsinga til krillselskapet Kitin på Giske var også mellom sakene lesarane fant mest interessante i fjor.

Til saman ti-tolv personar jobba i haust på fulltid i selskapet som har planar om å bygge både båt og landanlegg. Bak selskapet står mellom anna brørne Karl Johan og Nils Halvard Molnes, Rune Frostad og Jan Kjetil Paulsen.

Nyheita 10. september om at Kitin vurderer fleire norske verft og Tersan i Tyrkia for nybygget, var den 2. mest leste saka i 2021.

Gjekk frå kystruten til Sølvtrans
19. april kom nyheita om at Arild Myrvoll ga seg som toppsjef i Havila Kystruten, midt oppe i oppkøyringsfasen til dei første seglasene og utfordringar med å ferdigstille skipa ved verftet i Tyrkia.

Avgangen til Arild Myrvoll var årets 3. mest leste sak på NETT NO i 2021. Seinare blei det kjent at stillinga som frista Myrvoll til å skifte jobb , var finansdirektør i Sølvtrans-reiarlaget i Ålesund.

Havila Kystruten enda året med å gjennomføre den første Bergen-Kirkenes-seglasen med Bent Martini ved roret som ny toppsjef.

Folk som får nye jobbar er alltid populært lesestoff. Torstein Heggstad sitt comeback til bankbransjen og Ålesund-kontoret til Sparebanken Vest, kjem også inn på 10-på-topp-lista i 2021.

Der er óg ei nyheit frå eit anna tema, som ofte er godt lest - oppstartsselskap med nye idear. 10. desember kunne NETT NO fortelje at Ålesund-selskapet Tau Tech får millionstøtte til å utvikle fiske etter haneskjell med avansert teknologi. Saka var den 4. mest leste saka i 2021.

Einaste Synspunktet som kom inn på topplista, var Frank Sve (Frp) sitt oppgjer med Arbeiderpartiet i ferjesaka. I innlegget 26. juli langa fylkesleiaren - og seinare Stortings-politikar - Frank Sve, ut mot Per Vidar Kjølmoen (Ap) si framstilling av kutta i ferjeprisane.

Dei ti mest leste sakene på NETT NO i 2021:

Publisert: 31.12.2021 12:30

Sist oppdatert: 31.12.2021 12:52

Mer om