Opposisjonen vil ha maritime krisetiltak
Både Sp, Frp og Ap er positive til forslaga maritim bransje har lagt på bordet.
Både Senterpartiet, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet stiller seg positive til fleire krisetiltak som den maritime bransjen har kome med. Det kan legge grunnlaget for eit fleirtal på Stortinget for kraftigare krisehjelp til skipsbyggingsbransjen.
I løpet av dei siste vekene har Maritimt Forum og Norsk Industri, saman med Rederiforbundet, føreslått tre tiltak:
- Eit storstilt ombygging av offshoreskip til lågare utslepp.
- Gi Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GIEK) moglegheit til å auke garantiar til bankane si finansiering når verfta skal finansiere bygging av nye skip.
- Etablering av eit statleg fond for resirkulering av offshoreskip.
Arbeidarpartitoppane i fylket, Per Vidar Kjølmoen og Åse Kristin Ask Bakke, tok denne veka turen til Ulsteinvik for å fortelje at dei hadde overtydd partileiinga til å støtte dei to første punkta på lista.
– Vi trur dette er veldig viktig, sa Kjølmoen då listetoppane møtte pressa i Ulsteinvik tysdag.
Frp ønsker Ap velkomen etter
Frp sin næringspolitiske talsperson Sivert Bjørnstad påpeiker at partiet vil støtte desse forslaga, og ønsker Ap velkomen etter.
– Det er veldig gledeleg at også Ap no kjem på banen for å hjelpe ein kriseramma maritim industri. Frp har jobba for å både styrke dei eksisterande ordningane, og kome med nye treffsikre tiltak. At Ap no gir uttrykk for at dei støttar dette arbeidet, er bra, skriv Bjørnstad i ein e-post til NETT NO.
Det skal vere mogleg å få til noko saman på dette
Også Sp er positive
Også stortingspolitikar Jenny Klinge (Sp) fortel at dette er tiltak partiet hennar «absolutt vil være interessert i å sjå på».
– Vi i Senterpartiet har vore offensive på slike tiltak før, og slike positive forslag som Ap kjem med her, ser vi berre positivt på. Det skal vere mogleg å få til noko saman på dette, og det vil vere ei sterk vilje til dette frå vår side, fortel Klinge til NETT NO.
Støtte til resirkuleringsfond
Når det kjem til ei ordning for å resirkulere offshoreskip, er Klinge også klar på at partiet stiller seg positive.
– Forslaget frå Maritimt Forum er spennande og kan utan tvil gi den maritime næringa langs kysten vår fleire arbeidsplassar og sterkare konkurransekraft, fortel Sp-politikaren.
Klinge påpeiker at det vil vere viktig for partiet at oppdraga blir utført i Norge, og at dei vil ta med seg forslaget inn i diskusjonen om revidert statsbudsjett.
Vil ta saka inn i budsjettforhandlingar
Frp har varsla at dei har sansen for forslaget om eit resirkuleringsfond.
Partiet flagga allereie dagen etter forslaget blei lansert, at dei vil ta opp saka i forhandlingane om revidert budsjett.
Per Vidar Kjølmoen (Ap) vil gå grundigare inn på innretninga for eit slikt fond, men sa til NETT NO at partiet synest forslaget er «interessant» og noko dei vil sjå nærare på.
Regjeringspartia har ikkje flagga si meining kring desse konkrete krisetiltaka, men dei tre opposisjonspartia kan sikre fleirtal på Stortinget om dei blir samde.
Les notat med meir info om forslaga her (ekstern lenke)
E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport
Publisert: 18.03.2021 05:55
Sist oppdatert: 22.03.2021 09:12