NPK: Målet er å freiste investorar til ei storstilt reiselivssatsing, skriv Dagens Næringsliv.
Salsannonsen ligg ute på Finn.no under overskrifta «Unik tomt på Vestkapp til sals». Kjøparen av Vestkapp må forplikte seg til å vere i gang med bevertning og/eller overnatting innan to år. Seljar er Selje kommune ved eigedomsavdelinga, som ikkje har villa ta seg råd til å hyre inn ein eigedomsmeklar.
Namnet Vestkapp fann reiselivsnæringa på ein gong på 1980-talet i håp om at det skulle bli eit enklare namn å selje inn til turistane enn Kjerringa. Vestkapp, som ligg om lag 500 meter over havet, vert rekna som Noregs vestlegaste fjellplatå, men det vestlegaste fastlandspunktet ligg i Hordaland.
Det finst ein annan privat aktør – Vestkapphuset – der vegen sluttar. Vestkapphuset, med kafé og suvenirbutikk, har ikkje vore ope dei siste seks åra, men til sommaren er det lova ny aktivitet.
– Vestkapp kan bli det nye fyrtårnet i regionen vår. Staden trekker til seg turistar også i dag, men det trengst å bli lagt meir til rette for slike ting som mat, opplevingar og overnatting. Eg tenkjer ikkje på ein mastodont av eit hotell, men snarare bygg som glir inn i terrenget og der ein kan stå på innsida og oppleve stormane.
- Det bør gjerne vere mogleg å ete ein betre middag, gjerne i kombinasjon med nokre eksklusive overnattingstilbod, seier ordførar Stein Robert Osdal (KrF) til avisa.
Salsannonsen ligg ute på Finn.no under overskrifta «Unik tomt på Vestkapp til sals». Kjøparen av Vestkapp må forplikte seg til å vere i gang med bevertning og/eller overnatting innan to år. Seljar er Selje kommune ved eigedomsavdelinga, som ikkje har villa ta seg råd til å hyre inn ein eigedomsmeklar.
Namnet Vestkapp fann reiselivsnæringa på ein gong på 1980-talet i håp om at det skulle bli eit enklare namn å selje inn til turistane enn Kjerringa. Vestkapp, som ligg om lag 500 meter over havet, vert rekna som Noregs vestlegaste fjellplatå, men det vestlegaste fastlandspunktet ligg i Hordaland.
Fjell, hav og vêr
Ein kjem seg til Vestkapp via ein 3,2 kilometer lang vinterstengt kommunal veg frå fylkesveg 633. Det er ikkje offentleg vatn eller kloakk i området. Der er eigentleg ingenting utover fjell, hav og veldig mykje vêr i form av over 50 stormdøgn i året.Det finst ein annan privat aktør – Vestkapphuset – der vegen sluttar. Vestkapphuset, med kafé og suvenirbutikk, har ikkje vore ope dei siste seks åra, men til sommaren er det lova ny aktivitet.
– Vestkapp kan bli det nye fyrtårnet i regionen vår. Staden trekker til seg turistar også i dag, men det trengst å bli lagt meir til rette for slike ting som mat, opplevingar og overnatting. Eg tenkjer ikkje på ein mastodont av eit hotell, men snarare bygg som glir inn i terrenget og der ein kan stå på innsida og oppleve stormane.
- Det bør gjerne vere mogleg å ete ein betre middag, gjerne i kombinasjon med nokre eksklusive overnattingstilbod, seier ordførar Stein Robert Osdal (KrF) til avisa.
Vestkapp kan bli det nye fyrtårnet i regionen vår
Publisert: 21.03.2018 15:38
Sist oppdatert: 26.05.2021 06:35