Idar Flø NCMC skjermdump emisjonvie o
STØRSTE AKSJONÆR: Idar Flø er dagleg leiar og største aksjonær i Norwegian Centre of Maritime Communication. Bilete frå presentasjonsvideo for selskapet.
Nytt

Droppar Folkeinvest-emisjon

Vil hente inn tre millionar kroner i eigen regi.

06.02.2023

Fangstdata-selskapet Norwegian Centre of Maritime Communication på Hareid måtte sikre seg investorar som ville garantere å gå inn med tilsaman minst 900.000 kroner før selskapet kunne starte ei kapitalutviding i regi av Folkeinnvest.

Det lukkast ikkje, og planen om å hente inntil 8,5 millionar kroner i Folkeinvest-regi er avlyst.

- Status er at vi har avslutta med Folkeinvest, seier dagleg leiar og medeigar Idar Flø.

Folkeinvest har spesialisert seg på kapitalutvidingar i nye og mindre selskap, der minstebeløpet for å vere med er lite.

Kapitalutviding i eigen regi
Dersom Norwegian Centre of Maritime Communication hadde lukkast med å få førehandstilsagn frå investorar var planen å hente inn mellom 3,5 og åtte millionar kroner i ny eigenkapital i regi av Folkeinvest.

No reduserer selskapet målet og satsar på å hente inn tre millionar kroner i eigen regi. Flø seier han ventar kapitalutvidinga er gjort innan ein til to månadar.

Vil dele fangstdata
Ideen bak Norwegian Centre of Maritime Communication er å samle fangst- og posisjonsdata frå fiskarane, og dele informasjonen med alle abonnentar på tenesta.

Informasjonen skal vere tilgjengleg gjennom nettportalen «Fishguider».

Poenget er mellom anna å spare fiskeflåten for kostbar og dieselkrevande leiting etter kvar fisken er å finne.

Planen er også å kunne kople på informasjon frå databasar, som til dømes frå Havforskingsinstituttet.

Norwegian Centre of Maritime Communication har fire eigarar før kapitalutvidinga, med Idar Flø (42 prosent) som den største. Brit Oddrun Overå eig 28 prosent, selskapet Flømann 20 prosent og selskapet Skylesteinen 10 prosent. Flømann har sju eigarar, med Einar Arne og Kjartan Bjåstad som dei største.

Publisert: 06.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 06.02.2023 10:10

Mer om