Dronnings snoja foto ntb npk 22
KONGESKIPET: Dronning Sonja om bord på kongeskipet Norge tysdag. Kongeparet er på ein tredagars tur på Vestlandet. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Nytt

– Du går faktisk i eksos

Dronninga om cruiseutslepp i fjordane.

16.06.2021

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Dronning Sonja fortel at ho har opplevd eit eksoslokk over fjorden etter cruiseskipsanløp. Og ho er ikkje redd for å ta opp problemet i cruisebygda Flåm.

– Eg har gått til Skageflå og opplevd Geiranger når det har lege eit lokk – du går faktisk i eksos, altså, sa dronning Sonja då ho og kong Harald møtte representantar for næringslivet og turistbransjen i Flåm tysdag.

Utsleppsfrie fjordar innan 2026
Dermed kasta ho seg rett inn i ein betent debatt om å gjere norske verdsarvfjordar utsleppsfrie innan 2026, slik Stortinget har vedteke.

Dronninga tok sjølv initiativ til å diskutere temaet då møtet nærma seg slutten.

– Var det ikkje nokon som skulle snakke om skipstrafikken, spurde ho.

– Ja, vi kan jo gå inn på … du tenkjer kanskje på vedtaket om utsleppsfrie fjordar frå 2026, svarte Aurland-ordførar Trygve Skjerdal (Sp).

– Nettopp, sa dronninga.

Kontroversielt
Og dronninga hadde heilt rett. Nullutsleppsvedtaket for verdsarvfjordane stod nemleg på programmet for møtet under besøket til kongeparet inst i Aurlandsfjorden. Men det hadde ikkje vorte teke opp så langt.

I Flåm, som i årevis har satsa stort på cruisetrafikk, byr regelendringa på utfordringar. Og saka er langt ifrå ukontroversiell i bygda.

– Det har vore ein heil del diskusjon rundt om det lèt seg gjere i 2026, og korleis det vil ramme kommunen her viss ikkje det lèt seg gjere – om det er slik at vi står utan cruisetrafikk frå 2026. Det har vore ulike innfallsvinklar og meiningar om korleis vi skal handtere det. Diskusjonane har vore nokså høglydte i kommunen, forklarte ordføraren.

– Viktig med avklaringar
Han lét driftssjef Sivert Bakk i Flåmsbana og Flåm utvikling AS få utdjupe:

– Å få avklaringar på dette er utruleg viktig. Og det er utruleg viktig å få i løpet av denne vinteren som kjem, for det er no skipa bookar for 2026. Og dei er i villreie, sa Bakk.

Han påpeika at vedtaket skaper uvisse i bygda.

– Flåmsbana står jo med dei gamle vognene og skal investere 800 millionar kroner i nye vogner dei neste fire åra. Og med den uvissa blir det vanskelegare å fornye seg, sa Bakk.

(saka held fram under)

Dronnings snoja foto ntb npk11
AURLANDSFJORDEN: Nullutsleppsvedtaket for verdsarvfjordane stod nemleg på programmet for møtet under besøket til kongeparet inst i Aurlandsfjorden. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK


Kongen med forslag

Kong Harald tillét seg å komme med eit forslag i diskusjonen:

– Løysinga må jo vere at det er nok land, eller nok stader som forlanger denne løysinga. Sånn at vi ikkje blir åleine om å ta denne belastninga, sa kongen.

– Vi skulle ønske at heile Noreg, og alle fjordane i Noreg stod saman, svarte Bakk.

Kongeskip med utslepp
Kongeskipet, som kongefamilien nyttar på vestlandsturen denne veka, er langt ifrå noko nullutsleppsskip. Dermed kan skipet òg få ei utfordring i verdsarvfjordane på sikt.

– Eg skjønner at det er forskjell på skip. Det er nokon som er veldig dårlege, og eg fekk beskjed om at det var skipa som hadde gule piper – og det har kongeskipet òg, påpeika dronninga i møtet i Flåm, til humring frå forsamlinga.

Men til så lenge kan kongeskipet segle fritt i fjordane.

– Førebels tilfredsstiller kongeskipet dei krava som blir stilte i dag. Så vi prøver nok å omstille oss så godt vi kan for framtida òg, sa kongen då han fekk spørsmål om det på pressemøtet på tysdag.

Dei norske verdsarvfjordane er Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Synnylvsfjorden og Tafjorden.

(©NPK)

Publisert: 16.06.2021 08:04

Sist oppdatert: 16.06.2021 08:20

Mer om