National Geographic Endurance mail 2021 Foto Marius 22
SEGLA FRÅ VERFTET: National Geographic Endurance-skipet med den karakteristiske X-Bow-baugen, er det første konsernet sjølv bygger for cruisemarknaden. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Utsette innbetaling for Ulstein-skip

Til no har det nye tilskotet til flåten vore ein utgiftspost for reiarlaget, men skipet skal snart ut på cruise.

Marius Rosbach
18.05.2021

På sjølvaste 17. mai kasta ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Endurance loss frå Ulstein Verft og sette kursen sørover langs kysten.

Skipet blei ferdig i fjor vår, men grunna pandemien har det enno ikkje fått segle på ordinære cruise. Sidan i fjor vår har skipet stort sett vore til kai ved verftet i Ulsteinvik.

Følg AIS-sporinga til skipet (ekstern lenke)

Håpar å starte opp cruise i juni
No skal snart skipet ut på cruiseseglasar og Lindblad Expeditions håpar å starte opp at cruiseaktiviteten til Galápagosøyene og Alaska i juni.

Det kjem fram i rapporten for første kvartal i 2021 frå Lindblad Expeditions Holding, som nyleg blei gjort offentleg.

Det blir det førebels ikkje opplyst kva seglasar Endurance-skipet skal ut på først. Første seglas som det per no er mogleg å booke med skipet, er eit cruise frå Island og grønlandskysten til hausten.

National Geographic Endurance mail 2021 Foto Marius 11
SNART PÅ CRUISE: Det 124 meter lange skipet er bygd med isforsterka skrog for å kunne segle på cruise i røffe farvatn. Lindblad-reiarlaget håpar å kome i gong med dei første seglasene til selskapet i juni. Foto: Marius Rosbach

Utsett betaling til eksportkreditt
Eigarane har som resten av cruisenæringa, hatt store tap det siste året. Reiarlaget har også tinga eit systerskip - National Geographic Resolution - som skal vere klart til levering frå verftet i løpet av året.

I kvartalsrapporten opplyser Lindblad-selskapet at dei i fjor utsette ei innbetaling til eksportkreditt i samband med skipet, med drygt 30 millionar dollar – eller om lag 245 millionar kroner.

Også seinare er det gjort justeringar i gjeldsinnbetalingane – i tillegg til ein rekke andre grep reiarlaget har gjort for å halde seg flytande gjennom krisa.

GIEK-garanti
Det er tidlegare opplyst at prislappen på det første skipet skal vere på kring 1,2 milliardar kroner. Truleg er den noko høgare for skip nummer to.

I samband med bygginga fekk det amerikanske reiarlaget lån frå Eksportkreditt Norge. GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) stilte også ein garanti på 75 millionar amerikanske dollar.

Med begge dei to skipa på plass, vil Lindblad ha auka flåtekapasiteten med 35 prosent samanlikna mednivået i 2019.

Kan segle i røffe farvatn
Systerskipa vert 124 meter lange og 21 meter breie. Om bord blir det plass til 126 passasjerar og eit mannskap på 112 personar.

Skipa er ifølgje eigaren dei første som er bygd for ekspedisjonseglaser med isklassa PC5. Det betyr at skipet kan segle under bestemte isforhold heile året i polare farvatn.

Lindblad Expeditions satsar på luksuriøse reiser og har mellom anna kjøpt seg opp i reiselivsaktørane Duvine og Off the Beaten Path i løpet av siste kvartal.

Publisert: 18.05.2021 11:13

Sist oppdatert: 18.05.2021 22:51

Mer om