Ronja Aurora 378
VESTNES: Ronja Aurora er brønnbåt nummer 36 til Sølvtrans. Foto: Aas Mek Verksted
Nytt

Dåp på Vestnes fredag - Gursken i dag

Dobbeldåp for Sølvtrans i helga. Ålesund-selskapet har no 37 brønnbåtar.

31.03.2023

Denne helga vert ekstra travel for Sølvtrans-direktør Robin Halsebakk. Fredag er han ved Aas Mek. Verksted på Vestnes for å døype brønnbåten Ronja Aurora.

Laurdag går turen til Myklebust Verft i Gursken for å døype brønnbåten Ronja Silver. Her er det også invitert til ope skip.

Med desse to brønnbåtane på plass, er Sølvtrans oppe i 37 brønnbåtar, og selskapet styrkar dermed sin posisjon som verdas største brønnbåtselskap. Ytterlegare to båtar er under arbeid.

450 tonn levande fisk
Den Aas Mek-bygde brønnbåten Ronja Aurora har ein kapasitet på 3.000 kubikkmeter som gir ein kapasitet på føring av rundt 450 tonn levande fisk. Lasterommet er fordelt på to fiskebrønnar, som er utstyrt med skyveskot og trykk laste- og lossesystem.

Aas Mek Verksted opplyser i ei pressemelding at nybygget er designa for mest mulig skånsam behandling av fisken.

Båten er blant anna utstyrt med filteranlegg på all sirkulasjon for utskilling av lus ved avlusing av fisken, system for avsiling av sjøvatn og ferskvatn ved lasting og lossing i samband med avlusing, ferskvatnsbehandling og smoltlasting.

Mange lokale leverandørar
Ei rekke lokale selskap har levert utstyr. Blant anna har Brunvoll Volda levert gear og propellanlegg. Dei tre sidepropellane er også frå Brunvoll.

Kongsberg Maritime i Brattvåg har levert styremaskin og Jets Vacuum på Hareid toalett. I tillegg er det leveransar frå Vik Elektro i Tomrefjord, Robinet i Ulsteinvik, MMC First Process i Herøy, Libra Plast på Hareid, John Gjerde i Gjerdsvika, Mare Safety i Ulsteinvik, Multi Kulde i Ålesund, Nogva Motorfabrikk i Søvik, O. Øverland i Molde og R&M Ship Design i Molde.

Publisert: 31.03.2023 12:03

Sist oppdatert: 01.04.2023 06:25

Mer om