Børsdagen: Dårleg år, god dag
Opptur for Atlantic Sapphire-aksjonærane.
Hittil i år har Atlantic Sapphire-kursen falle over 73 prosent, men i dag fekk aksjonærane litt trøst.
Kursen steig over 21 prosent, til to kroner aksjen.
Selskapet som driv landsbasert oppdrett ved Miami i Florida har ikkje kome med nye børsmeldingar sidan halvårsrapporten 24. august.
Halvårsrapporten innehald meir dårleg nytt frå selskapet og kursen vart nesten halvert frå ein dag til ein annan. No er verdien av selskapet så mykje redusert at sjølv små kursendringa i kroner gir store utslag i prosent - slik som i dag.
Toppnoteringa på 150 kroner aksjen i februar 2021 er knappast eit minne.
Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,07 prosent i dag.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Atlantic Sapphire | 2,00 | 21,07 % |
Statt Torsk | 0,60 | 7,14 % |
Arctic Bioscience | 10,05 | 6,69 % |
Hofseth Biocare | 3,07 | 1,99 % |
Hav Group | 9,10 | 1,11 % |
Sparebanken Møre | 78,00 | 0,52 % |
Havila Shipping | 9,81 | 0,51 % |
Havila Kystruten | 1,12 | 0,45 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 2,96 | 0,34 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,04 | 0,00 % |
Norva 24 Group* | 21,05 | -0,24 % |
Nortel | 25,00 | -0,79 % |
Salmon Evolution | 6,42 | -0,93 % |
Endúr | 41,80 | -3,69 % |
Hexagon Composites | 34,80 | -4,08 % |
Hexagon Purus | 18,36 | -4,97 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 18.09.2023 16:53
Sist oppdatert: 19.09.2023 12:18