Ein ferjefri europaveg på Vestlandet vil snu opp ned på konkurransesituasjonen for flyselskap, flyplassar og hurtigbåtruter langs kysten.
Møreforsking og Transportøkonomisk Institutt (TØI) har vurdert konsekvensane på oppdrag frå Statens Vegvesen, og Sandane Lufthamn på Anda i Gloppen er nemd allereie i samandraget i starten av rapporten: "Denne lufthavnen kan stå i fare for å bli nedlagt", heiter det.
Det er nettopp det mange vil meine dei får med ein ferjefri veg, i følgje rapporten frå Møreforsking/TØI. Med betre veg og ingen ferjer vil dei reisande både velje andre flyplassar og andre reisermåtar enn dei gjer i dag.
Det er rundt 18 mil mellom dei to byane, og kan du suse av garde på ein veg som er bygd for 100 kilometer i timen kjem mange til å ta bil eller buss i staden for flyet, trur forskarane. Spesilet gjeld det dei som har start og stopp mellom flyplassane.
Også flyplassen i Haugesund kan få problem, fordi reisande derifrå får kortare veg til to større flyplassar, med fleire avgangar og fleire lågpristilbod.
Avstanden vil framleis vere så lang til Vigra, frå storparten av Søre Sunnmøre, at forskarane meiner Ørsta/Volda blir lite påverka av ein ferjefri E39.
Moldensarane må derimot innstille seg på at det blir kutt i rutetilbodet både mot Oslo, Bergen og Trondheim, men utan at flyplassen på noko vis er truga.
Heller ikkje flyplassen i Kristiansund er i fare, og her trur ikkje forskarane at rutetilbodet blir redusert.
Møreforsking og Transportøkonomisk Institutt (TØI) har vurdert konsekvensane på oppdrag frå Statens Vegvesen, og Sandane Lufthamn på Anda i Gloppen er nemd allereie i samandraget i starten av rapporten: "Denne lufthavnen kan stå i fare for å bli nedlagt", heiter det.
Opna for debatt
Tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal, . Bakgrunnen er at ein ferjefri E39 over Anda - Lote kan korte køyretida mellom flyplassen der og flyplassen i Ørsta/Volda ned til under 40 minutt. Kravet frå Sandal for å vurdere framtida flyplassen på Sandane er at dei reisande får eit minst like godt tilbod som i dag.Det er nettopp det mange vil meine dei får med ein ferjefri veg, i følgje rapporten frå Møreforsking/TØI. Med betre veg og ingen ferjer vil dei reisande både velje andre flyplassar og andre reisermåtar enn dei gjer i dag.
Mannefall Bergen Stavanger
Aller størst verknad i flytrafikken får E39 på flyrutene mellom Bergen og Stavanger. Her pendlar hundrevis av oljefolk kvar dag, nokre til og med dagleg.Det er rundt 18 mil mellom dei to byane, og kan du suse av garde på ein veg som er bygd for 100 kilometer i timen kjem mange til å ta bil eller buss i staden for flyet, trur forskarane. Spesilet gjeld det dei som har start og stopp mellom flyplassane.
Også flyplassen i Haugesund kan få problem, fordi reisande derifrå får kortare veg til to større flyplassar, med fleire avgangar og fleire lågpristilbod.
Ligg på vippen
Flyplassen hadde under 47.000 reisande, og står i fare for å få eit passasjertal som er under det forskarane kallar "kritisk masse" ved ein ferjefri E39. Det betyr at det ikkje skal så mange færre som brukar flyplassen før grunnlaget for å oppretthalde drifta forsvinn.Alternativet til Sandane, flyplassen i Ørsta/Volda vil derimot berre bli minimalt negativt påverka av at det blir kortare veg til Vigra og flyplassen der.Avstanden vil framleis vere så lang til Vigra, frå storparten av Søre Sunnmøre, at forskarane meiner Ørsta/Volda blir lite påverka av ein ferjefri E39.
Fleire ruter til utlandet
Flyplassen vil først og fremst kunne trekke til seg reisande som gir grunnlag for større chartertrafikk og fleire direkteruter til utlandet når E39 er ferjefri. Innanlandstrafikken vil og auke noko, men ikkje nok til å gi grunnlag for å auke rutetilbodet.Moldensarane må derimot innstille seg på at det blir kutt i rutetilbodet både mot Oslo, Bergen og Trondheim, men utan at flyplassen på noko vis er truga.
Heller ikkje flyplassen i Kristiansund er i fare, og her trur ikkje forskarane at rutetilbodet blir redusert.
Publisert: 13.01.2014 07:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30