- Ja, dette er nesten imot alle odds, seier bedriftsgründeren.
Han fekk nei med sin faste bank, som ikkje ville vere med på ei satsing i Gjerdsvika.
- Det var mykje skepsis. Dei ulike aktørane ville at eg skulle satse heilt andre stader, men for meg var det ikkje noko alternativ.
- Eg ville skape noko i heimbygda.
- Eg håper at andre kan få inspirasjon til å satse i distrikta når vi ser kva vi no har fått til her, seier Slettevoll.
Sande-ordførar Dag Vaagen er imponert.
- Dette er viktig for Gjerdsvika, men også for Sande og heile regionen.
Vaagen seier at kommunen har fått mykje ut av satsinga på sjønære industriareal, både i Gjerdsvika, i Haugsbygda og på Kvamsøya.
No står det til ei storstilt mudring av Gjerdsvika i regi av Kystverket, noko som fører til at Stadt og andre bedrifter kan ta inn større båtar.
- Vi har sett av dei midlane kommunen skal bidra med, og vi håpar at arbeidet kan kome i gang i 2017, seier Vaagen.
- Vi også merkar at det er meir krevjande innanfor offshore, men vi har likevel bra med arbeid.
- Ordrereserven er på over 100 millionar kroner, og dagens bygg er akkurat passe stort til dagens situasjon. Men vi har areal til å byggje meir.
Stadt har spesialisert seg på utvikling, sal og produksjon av framdriftssystem. Siste åra har ein satsa stort på Stadt Statscho No-loss dieselelektrisk framdriftssystem.
Les meir
Selskapet har også fått ei rekkje kontraktar. Den største vart hanka inn i fjor då ein signerte kontrakt på levering av framdriftssystem til 16 ankerhandterarar som skal byggast ved Nam Cheong Group i Malaysia.
Seinare har ein fått kontrakt på framdriftssystem til fem seismikk støttefartøy under bygde ved Cemre og Besiktas i Tyrkia. Ein brønnbåt frå Fitjar Mek. Verksted og ein australsk yacht står også på ordrelista.
For 14 år sidan selde selskapet den forrige teknologien til ABB, som no har bestemt seg for å leggje ned sin satsing på frekvensomformarar i Ulsteinvik.
- Det vi no har er ein heilt annan og mykje betre teknologi, seier Slettevoll.
Det er i dag 18 tilsette ved bedrifta i Gjerdsvika, i tillegg til underleverandørar.
Prosjektbygg overtok arbeidet med bygget som totalt kostar 30 millionar kroner.
- Vi har tapt litt på utsetjinga, men no gfler vi oss til å kome i gang for fullt, seier Slettevoll.
Han fekk nei med sin faste bank, som ikkje ville vere med på ei satsing i Gjerdsvika.
- Det var mykje skepsis. Dei ulike aktørane ville at eg skulle satse heilt andre stader, men for meg var det ikkje noko alternativ.
- Eg ville skape noko i heimbygda.
- Inspirasjon for andre
Til slutt fekk Slettevoll ja med DNB i Ålesund. Også Innovasjon Norge sitt Ålesund-kontor hadde tru på storsatsinga i Gjerdsvika.- Eg håper at andre kan få inspirasjon til å satse i distrikta når vi ser kva vi no har fått til her, seier Slettevoll.
Sande-ordførar Dag Vaagen er imponert.
- Dette er viktig for Gjerdsvika, men også for Sande og heile regionen.
Storstilt mudring
Stadt Maritime Senter ligg like ved sjøen på innsida av eine moloen i bygda.Vaagen seier at kommunen har fått mykje ut av satsinga på sjønære industriareal, både i Gjerdsvika, i Haugsbygda og på Kvamsøya.
No står det til ei storstilt mudring av Gjerdsvika i regi av Kystverket, noko som fører til at Stadt og andre bedrifter kan ta inn større båtar.
- Vi har sett av dei midlane kommunen skal bidra med, og vi håpar at arbeidet kan kome i gang i 2017, seier Vaagen.
Stor ordrereserve
Hallvard Slettevoll ser ikkje vekk frå at det kan verte behov for endå større utbygging.- Vi også merkar at det er meir krevjande innanfor offshore, men vi har likevel bra med arbeid.
- Ordrereserven er på over 100 millionar kroner, og dagens bygg er akkurat passe stort til dagens situasjon. Men vi har areal til å byggje meir.
Stadt har spesialisert seg på utvikling, sal og produksjon av framdriftssystem. Siste åra har ein satsa stort på Stadt Statscho No-loss dieselelektrisk framdriftssystem.
Fleire prisar
Bedrifta har vunne fleire prisar for sine miljøvenlege løysingar, mellom anna Environmental Award under OSJ (Offshore Support Journal) sin kåring i London i fjor, og i år har selskapet fått teknologiprisen under skipskonferansen Marine Propulsion i London.Les meir
Selskapet har også fått ei rekkje kontraktar. Den største vart hanka inn i fjor då ein signerte kontrakt på levering av framdriftssystem til 16 ankerhandterarar som skal byggast ved Nam Cheong Group i Malaysia.
Seinare har ein fått kontrakt på framdriftssystem til fem seismikk støttefartøy under bygde ved Cemre og Besiktas i Tyrkia. Ein brønnbåt frå Fitjar Mek. Verksted og ein australsk yacht står også på ordrelista.
Selde til ABB
Stadt utfasar store deler av produksjonen, og hovudfokus i Gjerdsvika vil vere på sal, utvikling, adminstrasjon og engineering.For 14 år sidan selde selskapet den forrige teknologien til ABB, som no har bestemt seg for å leggje ned sin satsing på frekvensomformarar i Ulsteinvik.
- Det vi no har er ein heilt annan og mykje betre teknologi, seier Slettevoll.
Det er i dag 18 tilsette ved bedrifta i Gjerdsvika, i tillegg til underleverandørar.
Vart utsett
Nybygget skulle eigentleg vere ferdig 1. juli, men vart utsett etter at Nordfjord Bygg gjekk konkurs.Prosjektbygg overtok arbeidet med bygget som totalt kostar 30 millionar kroner.
- Vi har tapt litt på utsetjinga, men no gfler vi oss til å kome i gang for fullt, seier Slettevoll.
Eg ville skape noko i heimbygda
Publisert: 04.12.2015 15:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50