Sunnmøre Sport Holding-konsernet passerte 100 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. Med 10 butikkar dominerer selskapet sportsbransjen på Sunnmøre.
1. mai 2022 overtok Sunnmøre Sport Holding både Intersport-butikken i kjøpesenteret Amfi Moa og den tidlegare G Max-butikken i Breivika i Ålesund.
I månadsskiftet september/oktober 2022 opna selskapet også sportsbutikk nummer to i Volda og kom dermed opp i to butikkar der.
På årsbasis har konsernet dermed godt over 100 millionar i driftsinntekter i og med at dei to butikkane i Ålesund og den nye butikken i Volda berre var ein del av konsernet ein del av året i fjor.
No omfattar Sunnmøre Sport Holding ein butikk i Stryn, to i Volda, to i Ørsta, to i Ulsteinvik, ein 50 prosent eigd butikk i Sykkylven og to sportsbutikkar i Ålesund. Åtte av butikkane er ein del av Intersportkjeda, dei to andre tilhøyrer Sport 1-kjeda.
Færre eigarar
Sunnmøre Sport Holding er eigd av dagleg leiar Bjørn Valderhaug sitt selskap Apoio Holding as (25 prosent), Frode Hofseth sitt selskap Frode Hofseth (25 prosent) og Tore Hasund og Steffen Kvalsvik Frøystad sitt selskap Straumane Sport Holding (50 prosent). Hasund og Frøystad eig Straumane Sport Holding 50/50. Alle fire er aktive i drifta, Valderhaug som dagleg leiar i konsernselskapet, dei tre andre som butikksjefar og i styrearbeid.
Dei fire kjøpte saman ut sine tidlegare medeigarar, Inge Kaldhol, Andrea Madelen Muren og Tore Sørheim i løpet av 2021. Prisen er dei samde om å ikkje gå ut med, ifølgje Valderhaug.
Sikta mot Ålesund
Sunnmøre Sport Holding er resultatet av at eigarar og drivarar av sportsbutikkar på Søre Sunnmøre fann saman og samla eigarskapen i eitt selskap.
Opphavleg var dei åtte eigar, no er dei fire. Tidlegare var også sportsutstyrsgrossisten Gresvig as medeigar selskapet, men etter at den gjekk konkurs i 2020 kjøpte dagens eigarar ut den aksjeposten frå konkursbuet.
Færre eigarar gjorde beslutningsprosessen kjappare då butikkane i Ålesund vart til sals i fjor, seier Valderhaug.
Sunnmøre Sport Holding hadde lenge hatt eit ønskje om å etablere seg i Ålesund og etter konkursen i Gresvig og det påfølgande sportssamarbeidet mellom Bjørn Gjelsten og Olav Nils Sunde opna det seg eit høve. Sunde og Gjelsten sitt selskap ønsker lokalt eierskap, sier Valderhaug.
Publisert: 07.02.2023 05:00
Sist oppdatert: 06.02.2023 18:14