- Dette er ein heilt ny generasjon av krillfartøy, og kan ikkje samanliknast med dei skipa som hittil har drive krillfiske, seier adm. dir. Matts Johansen i Aker Biomarine.
Rundt 1,2 milliardar kroner har det Vard Brattvaag-bygde skipet kosta.
Antarctic Endurance er det første krillskipet som er bygt frå botnen av, og om bord er det blant anna ein heilt ny krillfabrikk frå Valderøy-bedrifta Optimar. Berre denne fabrikken kostar rundt 300 millionar kroner.
129,6 meter lange Antarctic Endurance vert det tredje krillskipet Røkke-selskapet har i sving. Det norskflagga skipet skal gå rett frå Ålesund til basen i Montevideo, før ein tar fatt på årets krillsesong.
Om bord vert eit mannskap på 58.
I 2017 skaffa selskapet seg også Stig Remøy og Emerald Fisheries sitt krillskip Juvel etter at Herøy-selskapet gjekk konkurs.
Juvel vart kjøpt på auksjon frå konkursbuet, men båten vart hardt skada under ein brann ved kai i Montevideo i fjor, og vart deretter slept til Kanariøyane.
- Vi har ikkje bestemt oss kva vi skal gjere vidare med Juvel.
- Ei endeleg beslutning vert truleg ikkje tatt før til sommaren, seier Johansen.
Dermed vil Aker Biomarine på nytt få norsk konkurranse om krillen. Frå før er det i krillfisket tre skip frå Sør Korea, to frå Chile, eitt frå Ukraina og fire frå kina.
Matts Johansen forventar endå større satsing frå Kina framover.
- Ja, kinesarane har fått opp augene for krillen.
Spesielt stor tru har han på krillmjøl innblanda i laksefôr.
Han viser til målingar som viser at laksen veks 23 prosent raskare ved bruk av 5 prosent krill i fôret.
- Våre målingar viser at vi bidrog til 175 millionar ekstra måltid med laks i 2016.
- 70 prosent av kloden består av hav, men berre ein halv prosent av all medisin kjem frå havet. Dette trur vi vil endre seg fort.
Han viser til at selskapet i samarbeid med Lupus Research Alliance no har på gang eit omfatattande forskings- og forsøksprosjekt på den kroniske sjukdomen lupus.
- I dag finst det ikkje legemidlar mot denne sjukdomen, men vi har god tru på at vi snart har produkt som i alle fall er lindrande for sjukdomen.
Selskapet har også sagt ja – saman med dei fleste andre aktørane- til å verne eit stort hekkeområde for pingvinar i deler av krillsesongen.
- Krillen er verdas største biomasse, men fangstinga skjer i eit svært sårbart område.
- Difor skal alt vi gjer vere miljøvenleg og berekraftig. Det er ikkje noko alternativ, seier Matts Johansen.
Rundt 1,2 milliardar kroner har det Vard Brattvaag-bygde skipet kosta.
Antarctic Endurance er det første krillskipet som er bygt frå botnen av, og om bord er det blant anna ein heilt ny krillfabrikk frå Valderøy-bedrifta Optimar. Berre denne fabrikken kostar rundt 300 millionar kroner.
129,6 meter lange Antarctic Endurance vert det tredje krillskipet Røkke-selskapet har i sving. Det norskflagga skipet skal gå rett frå Ålesund til basen i Montevideo, før ein tar fatt på årets krillsesong.
Om bord vert eit mannskap på 58.
Juvel-avklaring til sommaren
Frå før har Aker Biomarine dei to krillfartøya Antarctic Sea og Saga Sea i sving i krillfisket. Det første skipet er frå 1999, det andre frå 1975. Begge er ombygde til krilltråling, og ligg no utanfor kysten av Uruguay klare til å gå til fangstfeltet ved Antarktis.I 2017 skaffa selskapet seg også Stig Remøy og Emerald Fisheries sitt krillskip Juvel etter at Herøy-selskapet gjekk konkurs.
Juvel vart kjøpt på auksjon frå konkursbuet, men båten vart hardt skada under ein brann ved kai i Montevideo i fjor, og vart deretter slept til Kanariøyane.
- Vi har ikkje bestemt oss kva vi skal gjere vidare med Juvel.
- Ei endeleg beslutning vert truleg ikkje tatt før til sommaren, seier Johansen.
Kinesisk krillsatsing
Aker Biomarine Antarctic har no fire krillkonsesjonar etter at selskapet fekk ein av to nye konsesjonar som nyleg vart tildelt frå Fiskeridirektoratet. Den andre konsesjonen gjekk til Stig Remøy og Rimfrost.Dermed vil Aker Biomarine på nytt få norsk konkurranse om krillen. Frå før er det i krillfisket tre skip frå Sør Korea, to frå Chile, eitt frå Ukraina og fire frå kina.
Matts Johansen forventar endå større satsing frå Kina framover.
- Ja, kinesarane har fått opp augene for krillen.
Gode laksefôrresultat
Trass i at Aker Biomarine gjekk med 11 millionar USD i minus i 2017 etter ei omsetning på 113 millionar USD, har toppsjefen stor tru på god inntening og bra lønsemd framover.Spesielt stor tru har han på krillmjøl innblanda i laksefôr.
Han viser til målingar som viser at laksen veks 23 prosent raskare ved bruk av 5 prosent krill i fôret.
- Våre målingar viser at vi bidrog til 175 millionar ekstra måltid med laks i 2016.
Medisinske forsøk
Han har også stor tru på krill som helsekost og til medisinsk bruk.- 70 prosent av kloden består av hav, men berre ein halv prosent av all medisin kjem frå havet. Dette trur vi vil endre seg fort.
Han viser til at selskapet i samarbeid med Lupus Research Alliance no har på gang eit omfatattande forskings- og forsøksprosjekt på den kroniske sjukdomen lupus.
- I dag finst det ikkje legemidlar mot denne sjukdomen, men vi har god tru på at vi snart har produkt som i alle fall er lindrande for sjukdomen.
Miljøsatsing
Aker Biomarine har også vore med på å støtte eit internasjonalt forskingstokt i Antarktis, der det norske forskingsskipet ‘Kronprins Haakon’ deltar.Selskapet har også sagt ja – saman med dei fleste andre aktørane- til å verne eit stort hekkeområde for pingvinar i deler av krillsesongen.
- Krillen er verdas største biomasse, men fangstinga skjer i eit svært sårbart område.
- Difor skal alt vi gjer vere miljøvenleg og berekraftig. Det er ikkje noko alternativ, seier Matts Johansen.
Våre målingar viser at vi bidrog til 175 millionar ekstra måltid med laks
Publisert: 17.01.2019 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30