Aas mek verksted brønnbåt nord bygg 205 11
EIGE DESIGN: Designen av den nye brønnbåten MS Grotanger er verftet sitt eige. Foto: Aas Mek Verksted
Nytt

Ei rekke lokale leverandørar om bord

Aas Mek er ferdig med nok ein brønnbåt.

Marius Rosbach
15.03.2021

Aas Mek Verksted i Vestnes har levert ein ny brønnbåt til reiarlaget Brønnbåt Nord.

MS Grotanger er 76 meter lang og eit brønnvolum på 3000 kubikkmeter. Reiarlaget som held til i Ibestad kommune, har også to brønnbåtar frå Aas i flåten frå før.

Om bord i den nye båten er ein rekke leveransar frå Nordvestlandet.

Kontrollrom brønnbåt aas mek verksted 11
KONTROLLROM: Styresystemet om bord er levert av Kongsberg Maritime i Ålesund. Foto: Aas Mek Verksted

MMC First Process har mellom anna levert laste og lossesystem og to sorteringsmaskinar er i stand til å handtere opp til 300 tonn fisk i timen.

Hovudmotorane kjem frå Wärtsilä, men gir og sidepropellar kjem frå Brunvoll i Volda og Molde og styresystemet kjem frå Kongsberg Maritime i Ålesund.

Maskinrom brønnbåt aas mek verksted 11
FINSKE MOTORAR: Hovudmotorane kjem frå finske Wärtsilä. Foto: Aas Mek Verksted

Nogva Motorfabrikk i Søvika har levert nød- og hamneaggregat, toaletta kjem frå Jets Vacuum på Hareid og mobbåten er levert av Maritime Partner i Ålesund.

Innreiingsarbeidet er det Molde-selskapet R & M Ship Interior som står for. Det elektriske kjem frå O.Øverland i Molde og Vik Elektro i Tomrefjord.

Mellom andre lokale leverandørar på lista finn vi Normex i Ålesund, Libra-Plast på Hareid og Robinet i Ulsteinvik.

Publisert: 15.03.2021 15:03

Sist oppdatert: 15.03.2021 21:51

Mer om