Esvagt heidi ulstein verft foto uavpic com esvagt 11
OMBYGD: Ulstein Verft leverte det siste av to ombygde hybridskip til Esvagt før jul. Foto: Uavpic.com/Esvagt
Nytt

– Eit skip du kan stole på

Esvagt nøgd etter å ha testa Ulstein-skip i ruskever.

Marius Rosbach
10.01.2022

Det danske reiarlaget Esvagt er nøgd etter at dei tok over dei to ombygde forsyningsskipa Esvagt Heidi og Esvagt Leah frå Ulstein Verft før jul.

Skipa heitte tidlegare Hermit Fighter og Hermit Prosper, og blei bygd som del av en serie forsyningsskip ved Ulstein. Reiarlag og mannskap på skipa er full av lovord om fartøya så langt.

– Du kan se at det er velholdt skip og at det blitt tatt godt vare på, seier kaptein Hans Pauli om bord på Esvagt Leah i ei pressemelding frå reiarlaget.

Skipa med typenamnet Ulstein PX-121, er utstyrt med den karakteristiske X-Bowen frå Ulstein. Både kapteiane og sjefsmaskinistane har vore om bord i skipa i fleire veker. Dei fekk også teste skipet i ruskever.

– Vi opplevde kva fartøyet var i stand til å gjere under press. Det er eit skip du kan stole på og vere komfortabel med. Det er kjekt å vite, legg Pauli til.

Eigenskapane vil kome godt med når skipa skal inn i oppdrag i Nordsjøen. Skipa skal i arbeid for selskapet Total Energies, og mellom anna utføre rednings og forsyningsoppdrag.

Ombygginga ved Ulstein Verft har også vore ei omfattande kontrakt for Ulstein Power & Control, som mellom anna har levert batteripakke til fartøya.

Publisert: 10.01.2022 15:43

Sist oppdatert: 10.01.2022 15:01

Mer om