Nytt
Ulstein overleverer Esvagt-skip
Ulstein Verft har overlevert det andre av to ombygde forsyningsskip.
21.12.2021
Reiarlaget Esvagt har fått overlevert standby-fartøyet Esvagt Heidi frå Ulstein Verft.
Fartøyet - tidlegare Hermit Prosper - er ombygd frå plattformforsyningsskip til standby-fartøy. Tidlegare har Ulstein Verft også overlevert Esvagt Leah - tidlegare Hermit Fighter.
Begge fartøya er opphavleg bygde på Ulstein Verft. Ombyggingskontraktane blei offentleggjort i august i år.
Ombygginga har også vore ei omfattande kontrakt for Ulstein Power & Control, som mellom anna har levert batteripakke til fartøya.
Publisert: 21.12.2021 15:11
Sist oppdatert: 21.12.2021 15:12