Tilbake til før-korona-nivå
Nye store kutt hos Ekornes viser kor sårbar næringsstruktur Sykkylven har, meiner ordføraren.
- Det blir krevande på kort sikt å finn arbeid til såpass mange, seier Sykkylven-ordførar Odd Jostein Drotninghaug etter meldinga om at Ekornes kuttar inntil 190 årsverk i Noreg.
I og med at Sykkylven både har hovudkontoret og dei største fabrikkanlegga reknar Drotninghaug med at kommunen også blir hardast råka når folk misser jobben.
Sysselsetting hos Ekornes kjem no tilbake til nivået frå 2019, før koronapandemien.
Drotninghaug understrekar likevel at der andre moglege jobbar å finne i kommunen.
- Vi har ein del bedrifter som går godt og som søkjer etter folk, seier han.
Omstillingskommune
Ei kort periode då koronapandemine kom i 2020 hadde Sykkylven den høgaste arbeidsløysa i landet, etter massepermitteringar hos møbelprodusenten Ekornes.
Då søkte og fekk Sykkylven kommune status som omstillingskommune. Det betyr årlege tilskot på fire millionar kroner i to tre-årsperiodar, pengar som kan brukast for å finansiere omstilling-og utviklingstiltak i næringslivet.
Få månader etter starta ein boom for møbelbransjen, der folk brukte pengar på oppussing og nye møblar når smittevernrestriksjonar gjorde at dei måtte halde seg heime.
Snart var problemet både for Ekornes og andre møbelprodusentar å få tak i folk.
Sårbar
Drotninghaug seier det kunne sjå rart ut at kommunen hadde status som omstillingskommune midt i møbelboomen, men meldinga som kom i dag viser at det likevel er på plass.
- Sykkylven er den nest mest sårbare kommunen i landet når det gjeld næringsstruktur, seier Drotninghaug.
Det er den dominerande rolla møbelindustrien har i kommunen som gir kommunen den posisjonen, der utvikling i ein bransje har svært mykje å seie for sysselsetting og aktivitet i næringslivet.
Seks år med satsing
At Sykkylven er omstillingkommune innebere mellom anna ei seks år lang satsing på næringsutvikling, der fylkeskommunen, kommunen og Sykkylven Industri- og Næringslag er med i eit spleiselag for å finansiere satsinga.
Fylkeskommune løyvde ein halv million kroner i støtte til eit forprosjekt i 2020, fire millionar kroner til sjølve prosjektet i 2021 og i mars 2022 nye fire millionar kroner for 2022. Fylkeskommunen avgjer frå år til år om den vil vere med og finansiere omstillingsprogrammet.
Går alt etter planen skal fylkeskommunen bidra med tilsaman 24 millionar kroner av ei satsing som er planlagt å koste 32,14 millionar kroner.
11 arbeidsplassar
"Totalt har omstillingsprogrammet bidrege til å sikre 4 arbeidsplassar og skape 7 nye arbeidsplassar i 2021", heiter det i årsrapporten til Omstillingsprogrammet for 2021.
Klikk her for å lese årsrapporten (som vedlegg til sak KNF-37/22)
Målet er 170 nye arbeidsplassar innan omstillingsprogrammet er ferdig.
Utvikling av små og mellomstore bedrifter generelt og reiseliv spesielt har førsteprioritet i satsinga.
Publisert: 04.01.2023 10:51
Sist oppdatert: 04.01.2023 10:51