Hanna Relling Berg foto Ogne
PAPIRANNONSE-VEKST: Sunnmørsposten-redaktør Hanna Relling Berg driv den største avisa i Polaris Media Nordvestlandet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ekstra utbytte i Polaris

Inntektene frå papiravisene auka mest på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
10.02.2022

Aviseierne i Polaris Media betaler et ekstraordinært utbytte på til saman to kroner per aksje etter å ha vinne ei erstatningssak.

Konsernet vart i fjor tilkjent 100 millionar kroner i rettsoppgjøret mot eit advokatfirma, og det kjem no aksjonærane til gode går det fram av ei børsmelding torsdag.

Resultatet for 4. kvartal viser eit driftsresultat på 160 millionar kroner – ei auke frå 129 millionar i same kvartal i fjor (sjå tabell under). Både annonseinntekter og abonnementsinntektene auka, ifølgje rapporten i børsmeldinga.

Regionselskapa i Polaris Media-konsernet viser ei betring i resultatet også for Polaris Media Nordvestlandet, som mellom anna omfattar Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke, og fleirtalet av lokalavisene på Sunnmøre.

Inntektene frå annonser i papiravisene dreg opp resultatet mest, samanlikna med «koronaåret» 2020. Også digitale abonnementsinntekter går opp, medan dei øvrige inntektene står om lag på stedet kvil.

Polaris Nordvestlandet

4. kvartal. I mill. kroner 2021 2020
Driftsinntekter
98,6
91,1
Driftsresultat
20,1
14,8



Polaris Media ASA


Etter 4. kvartal. I mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekter
3684
3516
Driftsresultat
476
428
Resultat før skatt
186
205

Publisert: 10.02.2022 09:36

Sist oppdatert: 10.02.2022 09:50

Mer om