Kyr elv
TØRKE: To kyr leitar etter vatn i ei nesten inntørka elv på Folkestadsetra. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Ekstrem tørke i vest kjem av klimaendringar

– Situasjonen er svært alvorleg, seier klimaforskar. Bøndene er urolege.

11.08.2021

Ekstrem tørke på Vestlandet gjer at elvar har tørka inn.

– Klimaendringane er her no. Dette er ikkje snakk om naturlege variasjonar, seier Carlo Aall, klimaforskar og professor ved Vestlandsforskning, til NRK.

Nesten tomme brønnar
Fleire bønder i Sogn fortel til kanalen at dei private brønnane på gardane deira er nesten tomme.

– Det er ikkje ein drope her. Eg har aldri opplevd noko slikt før, seier 74 år gamle Olav Skinlo om elva som renn gjennom gardstunet hans.

Vert meir ekstremvêr
Klimaforskar Aall meiner vi må førebu oss på endå meir ekstremvêr, som mellom anna langvarige tørkeperiodar.

– No har vi endå sikrare kunnskap, og klimaendringane går raskare enn vi frykta, seier han.

Klimaendringane går raskare enn vi frykta
Carlo Aall

Bekymra bønder
Norske bønder er bekymra for at ekstremvêr omtalt i klimarapporten til FNs klimapanel skal få konsekvensar for avlingane deira og matproduksjonen.

– Denne rapporten stadfestar med solid forsking det ekstreme alvoret vi står i. Klimaendringane er her og vi bønder har merka det lenge allereie. Med tørkesommaren 2018, med kraftig nedbør i vest i 2017, med ras og kraftige regnskurar, seier Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag til Nationen.

Nestleiar i Norges Bondelag, Egil Christopher Hoen, er også bekymra over det rapporten beskriv.

– Dette er dårlege nyheiter for menneske og biologisk mangfald, og det får store konsekvensar for matproduksjonen. Det bekymrar oss bønder, seier Hoen.

Lav sjølvforsyningsgrad
Noreg har ein sjølvforsyningsgrad på rundt 40 prosent, og det norske kosthaldet er derfor i stor grad avhengig av eit jordbruk i område som er endå meir utsett for ekstremvêr.

I tillegg til dei skandinaviske landa, er Spania, Italia, Brasil, Storbritannia, Nederland og Tyskland blant landa vi importerer mest frå.

Både Hoen og Hoff meiner det er viktig at staten bidrar for at jordbruket skal få på plass klimasatsingar.

– Landbruket skal vere ein del av klimaløysinga. Men det er viktig å presisere at vi ikkje kan gjere denne omstillinga åleine. Staten må sikre at landbrukstiltak blir prioritert og finansiert. Det handlar om at vi skal kunne produsere mat i framtida også, seier Hoen til avisa.

Publisert: 11.08.2021 07:50

Sist oppdatert: 11.08.2021 14:28

Mer om