Emisjon i Hyperthermics
EMISJONAR: To selskap som er utvikla i miljøet rundt Naturalgründer Jan Remmereit (t.v.) skal hente inn meir pengar i år. Harald Nordal (t.h.) er dagleg leiar i Hyperthermics.
Nytt

Emisjon i Hyperthermics

Hyperthermics i Hovdebygda hentar inntil 20 millionar kroner i ny emisjon.

18.05.2018
Selskapet skal hente inn mellom 10 og 20 millionar kroner i meir eigenkapital for å finansierer "videre aktiviteter innen utvikling og kommersialisering" skriv Hyperthermics i årsmeldinga for 2017.
Hyperthermics har utvikla ein metode for å få fart på nedbrytingsprosessen i biogassanlegg.
Ein eigen "reaktor" som forbehandlar avfallet kan omlag halvere produksjonstida, samanlikna med eit tradisjonelt anlegg. I reaktoren blir det sett fart på nedbrytingsprosessen av organisk avfall i biogassanlegga ved hjelp av høg temperatur, bakteriar og arkeer (ein slektning av bakteriar) som er tilpassa temperaturar over 70 grader.

Energiselskap som partnar

Energiselskapet Vardar i Buskerud er ein av aksjonærane i Hyperthermics og Hyperthermics har hatt ein prototype av anlegget under utprøving hos renovasjonselskapet Lindum i Buskerud.
I følgje årsmeldinga til Hypertermics har selskapet "mottatt gode tilbakemeldinger fra aktører i markedet, og styret har tro på at Hypertermics as i løpet av 2018 vil oppnå kommersielle kontrakter for salg av selskapets teknologiske løsning".
I august i fjor sa dagleg leiar Harald Nordal at målet var å skrive under fire kontraktar innan 2017 var omme.

Remmereit-selskap

Bak Hypertermics står Naturalgründer Jan Remmereit, som bygde opp børssuksessen Natural, før han selde seg ut til Kjell Inge Røkke i 2006.
Ved årskiftet sto Remmereits heileigde selskap Hyperthermics Holding som eigar av 28,1 prosent av aksjane i Hyperthermics, Vardar aksjepost var på 16,8 prosent og Arild Bødals selskap Invest24 eig 9,4 prosent.
Bødal er bedriftsleiar og investor i Stryn.

Silderogn-satsing

Hyperthermics er eitt av fleire selskap i miljøet rundt Jan Remmereit.
Arctic Nutrition, som utviklar silderognbaserte produkt til behandling av psoriasis, arbeider med å gjennomføre ein emisjon på 50 millionar kroner i år.
Selskapet ligg an til eit sal på 30 millionar kroner i helsekostmarknaden i år, men det store målet er å få produkt godkjent som lækjemiddel, som vil opne ein større og meir lønsam marknad.

Publisert: 18.05.2018 15:32

Sist oppdatert: 21.05.2021 11:24

Mer om