Endaa ein Havyard kontrakt til NFT
KONTRAKT: NFT har bestilt ein identisk brønnbåt som Steigen (bildet) frå Havyard.
Nytt

Endå ein Havyard-kontrakt til NFT

Skal byggje ny brønnbåt for Norsk Fisketransport. Og det kan verte endå ein båt.

05.07.2018
Båten skal leverast i juni 2020.
Dette blir søsterskip nummer fire og fem til allereie eksisterande Havtrans, Namsos og Steigen hos Norsk Fisketransport (NFT).
Den nye brønnbåten NFT har bestilt blir Havyards bygg nr 147 og er identisk med bygg nr 127, Steigen.
– Vi endrar ikkje vinneroppskrifta. Det var enkelt å velge Havyard igjen; godt samarbeid, høg kvalitet og eit sluttprodukt som er akkurat slik vi vil ha det, seier Oddleif Wigdahl, administrerende direktør i NFT, i ei pressemelding.

Mykje Havyard-utstyr

NFT har frist til sommaren 2019 med å nytte seg av opsjonen på ytterlegare eitt fartøy med Havyard.
Havyard opplyser at alle fem forretningsområda i konsernet er med i leveransen.
Fish Handling (MMC First Process) skal levere alt av fiskehandteringssystemet om bord. Power & Control (Norwegian Electric Systems og Norwegian Control Systems) skal levere alt frå bru til propell. Ship design & Solutions står for designet og Shipbuilding Technology skal utruste skipet samman med Production & Services.

- Komplisert

Administrerande direktør i Havyard Group Geir Johan Bakke, seier i pressmeldinga at samhandling på tvers av forretningsområda i konsernet gir ein totalitet og ein unik fordel som ingen andre leverandørar har.
- Brønnbåtbygging er komplisert, og vi hadde ein del tekniske utfordringar då vi bygde Namsos for NFT, men som igjen resulterte i ein svært godt levert Steigen.
- At NFT ønsker en 100% lik brønnbåt som søsterskipet Steigen seier veldig mykje om kor bra resultatet vart.

Publisert: 05.07.2018 13:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23