Kings bay 2
MAKRELL: Kings Bay har funne makrellen, og er på veg til Olav E Fiskerstrand med 330 tonn. Dette bildet er frå slutten av august. Foto: Kings Bay
Nytt

Endeleg bra fart på makrellen

Kystflåten har hatt godt med makrell. No har det óg tatt seg opp for den havgåande flåten etter mykje leiting.

13.09.2022

Det gode fisket for kystflåten held fram. I starten vart det tatt mykje makrell med kystnot i Vanylvsfjorden, men no foregår fisket heilt frå Nordmøre i nord til sør i Rogaland, der det vert meldt om gode fangstar for dorgarane.

Litt verre har det vore for den havgåande flåten, som har køyrd over store område i jakt på makrellen.

To siste døgna har fisket tatt seg opp, med 82 fangstar og 9.307 tonn innmeldt måndag og 68 fangstar og 4.140 tonn innmeldt søndag.

Lokal aktivitet
Dette fører også til aktivitet ved mottaksanlegga på Nordvestlandet. Til Karsten Flem på Flemsøya er det på veg fleire båtar, blant anna Asbjørn Selsbane med 254 tonn, Nordsjøbas med 340 tonn og Gunnar Langva med 120 tonn.

Kings Bay er på veg til Olav E Fiskerstrand på Fiskarstranda med 330 tonn, medan Sevrin Tranvåg på Fiskarstranda ventar inn Rødholm med 275 tonn og Teigenes med 315 tonn.

Fleire båtar er på veg til Brødrene Sperre på Ellingsøya, blant anna Talbor med 480 tonn og Smaragd med 265 tonn, medan Nils Sperre på Ellingsøya ventar blant anna inn Havstål med 300 tonn.

Til Fosnavaag Pelagic er Roaldsen på veg med 300 tonn, Hargo kjem til Pelagia Liavåg med 300 tonn, medan blant anna Malene S er på veg til Pelagia Selje med 385 tonn.

Fleire båtar frå nordvest leverer også lenger sør. Eros leverer 365 tonn ved Pelagia Egersund, Leinebjørn 165 tonn ved Skude Fryseri, medan Herøyhav er på veg med 655 tonn til Grøntvedt Pelagic.

(saka held fram under)

Smaragd
SMARAGD: 365 tonn makrell for Smaragd, som leverer ved Brødrene Sperre på Ellingsøya. Foto: Smaragd

Snudde etter rykte
Sildelaget opplyser at i starten på sist veke var den havgåande flåten samla i området rundt Vikingbanken, men eit rykte frå utlendingane som fiska i Smutthavet førde til at halve flåten køyrde nordover.

Men for dei fleste vart det bomtur. Derimot vart det rett før helga litt fiskeri i på N 64⁰ for notflåten, og nokre fine fangstar nord av Tampen for dei som trålar makrellen.

I helga har båtane igjen trukke inn i Nordsjøen i området frå Vikingbanken og sørover til Heimdal.

Vanskeleg å sjå
Sildelaget opplyser at det vert meldt om ein del makrell i dette området, men makrellen står spreidt og er vanskeleg å sjå på instrumenta. Det er og utfordrande å finne noko å kaste på og fleire brukar no trål på nattestid for å fange makrellen.

Makrellstørrelsane varierer mykje, der ein på kysten fiskar makrell med snittvekt på under 300 gram. Frå havet så varierer det fra 370 gram som lavast til over 500 gram som høgast.

Publisert: 13.09.2022 11:00

Sist oppdatert: 13.09.2022 11:56

Mer om