Capella og Castor
DÅP: Klart for dåp for søsterskipa Havila Capella og Havila Castor. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Endeleg klart for dåp

Folkefest og ope skip for Havila Capella i Herøy og Havila Castor i Ålesund.

01.11.2022

Tysdag 8. november skal Havila Kystrutens første skip, Havila Capella, døypast utanfor Havilas hovedkontor på Mjølstaneset i Herøy.

Seks dagar seinare, måndag 14. november, skal søsterskipet Havila Castor døypast i Ålesund.

- Vi ser veldig fram til å få ein offisiell dåp for våre to skip. Det veit vi det er mange som har venta på, både langs kysten, og ikkje minst våre eigne tilsette, seier Bent Martini, i ei pressemelding.

Ope skip
Han opplyser at det er lagt opp til program begge stader med inviterte gjestar, underhaldning og ope skip for dei som ønsker å kome om bord og bli betre kjent med skipa.

- I tillegg vil alle som kjem innom på dåpsdagane få gode tilbod på reiser med oss langs norskekysten, seier Martini.

Kanelsnurrar
Under dåpsseremonien på Mjølstaneset vil blant anna Nerlandsøy skulekorps og Einedalen skulekor underhalde, og elevar frå kokke- og servitørlinja på Herøy vidaregåande skule vil bake kanelsnurrar basert på oppskrifta frå Berbusmel i Bodø, som vert nytta om bord i skipa til Havila Kystruten.

Også i Ålesund vert det underhaldning under dåpsseremonien på Skansekaia.

Publisert: 01.11.2022 15:21

Sist oppdatert: 01.11.2022 21:53

Mer om