Enorm interesse for arv og generasjonsskifte
ARV: Jan Sørbø kom med ei rekkje råd for å unngå å gå i fellene ved arv og generasjonsskifte.
Nytt

Enorm interesse for arv og generasjonsskifte

- Tenk på familieforholda. Dei kan verte alvorleg skadelidande, er rådet frå Jan Sørbø.

12.11.2019
Sparebanken Møre måtte setje stopp ved 120 deltakarar då banken måndag inviterte til orientering om arv og generasjonsskifte under ei tilstelling ved Thon Hotel Fosnavåg.
- Interessa har vore enorm, men vi kunne rett og slett ikkje ta inn fleire, seier banksjef næringsliv Hege Karete Hamre i banken.
Men 120 fekk høyre advokat, statsautorisert revisor og siviløkonom Jan Sørbø gå gjennom dei ulike mulegheitene og ikkje minst høyre om dei mange fallgruvene.

Mange brot mellom søsken

Sørbø driv Riid Advokatfirma og Moa revisjon, og sa at svært ofte fører arv og generasjonsskifte til alvorlege brot på familiebanda.
Spesielt gjeld dette ved overføring av næringsverksemd, der undersøkingar viser at i rundt 40 prosent av tilfella endar det med at søsken ikkje snakkar med kvarandre på fleire år.
- Alt som går på næring er det muleg å få til. Det økonomiske er alltid muleg å løyse, men tenk på familieforholda. Dei er alltid det viktigaste.
Han råda alle til å planleggje overføring av næringsverksemd i god tid før ein går bort.
- Informasjon er viktig. Det må vere klar og tydeleg kommunikasjon, og viktig at ein snakkar godt saman i familien på førehand.

Viktig med tidleg avklaring

Sørbø sa at problema ikkje berre oppstår når overføringa skjer, men også seinare, til dømes dersom ei bedrift har stege mykje i verdi når arven skal gjerast opp, og dei andre barna føler at den som fekk overta bedrifta føler at vedkomande har fått ein uforhaldsmessig del av arven.
- Eller kva om den som har overtatt køyrer bedrifta på dunken? Skal dette barnet ha like mykje som dei øvrige barna ved arvefallet? spurde Sørbø.
Han oppmoda til å bruke ein rådgjevar for å få eit avtaleverk som skaper minst muleg misnøye.
- For den som går bort er som regel det fremste ønskjet at eit arveskifte skal skje i fred og fordragelegheit mellom barna, men ofte er det det motsette som skjer. Difor er det lurt å ha ha det meste formalisert og avklart så tidleg som muleg.

Mykje misforståingar

Sørbø gjekk gjennom ei rekkje problemstillingar ved arv og generasjonsskifte, og sa at det er masse misforståingar ute og går, spesielt rundt eineeige, sameige, særeige og felleseige.
- Eineeige og sameige går fint når alt fungerer, og gjeld kven som eig noko før skilsmisse eller død.
- Men ved skilsmisse eller død forsvinn eineeige og sameige, då er det særeige og felleseige som gjeld.
Sørbø sa at ofte vert det kalla særeige når ein eigentleg er ute etter eineeige.
- Dette løyser problemet overfor kreditorane, men løyser ikkje problema ved skilsmisse, sa Sørbø, og viste til at ein uansett kan krevje skeivfordeling ved skilsmisse om ein ikkje har andre avtalar.
- Det du tar med deg inn i ekteskapet, kan du også ta med deg ut att. Men om du har ei ektepakt, er det eit krav om at det skal vere to myndige vitne, same kva som eventuelt står i eit testamente.

- Kan sleppe unna med 400.000

Sørbø sa at det er mykje å tenke på ved skilsmisse.
- Kanskje har du ikkje lyst til at kona di skal få noko som helst etter at dokke har slite i tjue år, og at du vil at barna skal få alt. Men du klarer uansett ikkje å unnggå at kona får 4G, det vil seie rundt 400.000 kroner.
- Men for at du skal sleppe unna med dette, er det eit visst formkrav.
Sørbø minte om at i ekteskapet har ein uansett underhaldningsplikt overfor kvarandre.
- Dersom den eine ikkje har råd til å betale for seg, pliktar den andre i utgangspunktet å dekke dette. Og arbeid i heimen er her likestilt med løna arbeid.
- Dette er ulempa med å gifte seg. Du har lyst på ein ny Ferrari, og kona har lyst på mat.

Litt seint når ein er død

Sørbø sa at når det gjeld uskifte, er den typiske krangelen at det vert gitt eigedomar til religiøse organisasjonar.
- Det skjer ofte, til dømes ved at Jehovas Vitner får ei hytte eller ei tomt.
Han oppmoda alle om å planleggje arven tidleg.
- Det er helst før vi døyr at vi må planleggje arven vår. Det er litt seint å skrive testamente etter at du er død.
Det er litt seint å skrive testamente etter at du er død

Publisert: 12.11.2019 11:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44