Blindsporet
– Eg har ein mistanke om at alt for mange i det politiske miljø mista hovudet, og nokre stadar er det for seint og snu, skaden er allereie gjort, skriv Knut Arne Høyvik i dette innlegget om elektrifisering og vindkraft.
Vi har god dekning for å hevde at vi har eit godt utvikla og moderne demokrati. Det er montert mange demokratiske sikkerheitsventilar, slik at Storting og Regjering ikkje skal gjere svært dumme val på vegner av befolkninga. At enkelte politikarar gjer feilvurderingar er menneskeleg, men i dei fleste tilfelle greier politikarane som kollektiv å gjere kloke val.
Men så fann omgrepet «grønt skifte» sin plass i ordboka vår. Kort fortalt handlar det om å redusere utsleppa av fossilt brensel, samt og oppfylle internasjonale avtaler om utsleppsreduksjon
Det er ei viktig oppgåve, og skiftet går sin gang og har sin eigen dynamikk. Politikarane si oppgåve er å legge til rette for at vi skal nå målet- det krev mange ulike tiltak.
Det var nokon i det politiske miljøet som fann ut at det å byggje vindturbinar i norsk natur var vegen å gå. Dei prøvde og vise til bl.a Danmark som har mange vindturbinar rundt om i landet. Men det er sjølvsagt mange gongar så effektivt og bygge ut vindturbinar på flat mark enn på eksempelvis Haramsfjellet.
Men eit fleirtal i det politiske miljøet såg seg heilt blinde på denne løysinga, trass store protestar frå lokalbefolkninga.
No vart vi vitne til eit kollektivt tap av sunn fornuft, kombinert med ikkje så reint lite maktarroganse. Ei lett omskriving av songen til Øystein Sunde er på sin plass: «De må'kke komme her og komme her-De må'kke komme her og komme her- Det er vi som eier dette fjellet her-De må'kke komme her og komme her»
Men ikkje nok med at det skulle byggast vindturbinar i norsk natur, men nokre meir eller mindre lyse hovud, fann ut at vi skulle elektrifisere plattformene på norsk sokkel, ved å legge ut lange straumkablar frå land.
No er det heldigvis fleire i det politiske miljøet som ser galskapen og har endra syn. Gassen som gassturbinane på plattformene brukar i dag skal til Europa og brennast der, effekten for klimaet vil vere nær null- for vi har ikkje vår eigen himmel, vi deler den med resten av verda.
Men alle flinke folka i Equinor har sjølvsagt rekna ut at for deira selskap ville ei elektrifisering av sokkelen blitt god butikk. Dei betalar nemleg ei avgift på 750 kroner pr. tonn CO2 dei slepp ut, og denne avgifta er forventa og auke monaleg. Reint bedriftsøkonomisk vil nok ei elektrifisering av sokkelen vore god butikk for Equinor. Men spørsmålet er sjølvsagt om det er vi som straumkundar som skal betale gildet når straumprisen aukar.
Veldig få leitte etter andre løysingar som til dømes ein kombinasjon av energiøkonomisering og modernisering av vasskrafta. Hadde vi brukt like mange milliardar på det, hadde vi fått ein mykje større klimagevinst.
Men, etter kvart som rike multinasjonale selskap fekk hand om utbygginga av vindkraft på land, strøymde lobbyistane inn i dei politiske korridorane. Politikarane vart mjuke i knea av lovnadane om eigedomsskatt og arbeidsplassar. Vår tids største lygn vart presentert på glanspapir: «Det er dette som skal berge klimaet» I realiteten er dette som å sminke brura før ho går til alters.
Dersom eg kjøper meg ein ATV-firhjuling, og tek til å køyre villmann i utmarka ovafor huset mitt, blir eg straffa og bøtelagt for øydelegging av naturen. I Naturmangfaldlovas §1 heiter det: «Lovens formål er at naturen med dens biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfold og økologiske prosesser tas vare på ved bærekraftig bruk og vern, også slik at den gir grunnlag for menneskenes virksomhet, kultur, helse og trivsel, nå og i fremtiden, også som grunnlag for samisk kultur» sitat slutt.
Fine ord og feitt flesk, og det hende noko i denne prosessen som eg aldri kjem til å forstå; Vi må øydelegge natur for å berge klimaet. Det kan spissformulert samanliknast med at ein mann kjem til lækjaren med lungebetennelse, og lækjaren ser berre ei løysing på problemet- nemleg å ta livet av mannen.
Trygve Bratteli sa ein gong: « Man må ikke miste hodet, man kan få bruk for det» Eg har ein mistanke om at alt for mange i det politiske miljø mista hovudet, og nokre stadar er det for seint og snu, skaden er allereie gjort.
På Haramsfjellet er gravemaskinene i full gang, og vengjene til vindturbinane er lossa ved kaia. Når turbinane står ferdige og peikar mot himmelsjå, står dei som roterande monument over eit kollektivt tap av klokskap.
Publisert: 28.06.2021 08:54
Sist oppdatert: 28.06.2021 11:33