Rig andromeda
SEISMIKK: 90,5 meter lange Rig Andromeda opererer i hovudsak som støttefartøy til seismikk. Foto: Uksnøy & co
Nytt

Er optimistar etter åtte tapsår

Alle tre skipa er i arbeid, og Ålesund-selskapet ser lysning etter blytunge år.

14.04.2023

I fjor gjekk Tanux Shipping i pluss på drifta, men resultatet før skatt enda på minus 8,0 millionar kroner. Ein må tilbake til 2014 for å fnne plussresultat. Då var inntektene 112,7 millionar kroner, og resultatetet før skatt pluss 36,1 millionar.

Deretter har det vore tap, og revisor BDO skriv at det er tvil om vidare drift.

Styret i Tanux Shipping meiner det absolutt er grunnlag for vidare drift. No er alle tre skip i arbeid, aksjonærar og komandittar har betalt inn 35 millionar kroner, og det er inngått avtale med kreditorane om utsetjing av betaling av renter og avdrag til 10. april 2024.

(saka held fram etter tabellen)

Tanux Shipping
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 52,6 35,4
Driftsresultat 0,8 -18
Resultat før skatt -8 -26,2

Betre marknad
Tanux Shipping har offshore støttefartøya Tanux I og Tanux III, i tillegg til seismikk støttefartøyet Rig Andromeda.

Alle tre fartøya er registrerte på Marshalløyane, og mannskapet er utanlandsk.

Styret viser til at alle fartøy er i arbeid. Sjølv om kontraktene ikkje er lange, er marknaden betre, og styret meiner at det ikkje vert behov for innhenting av meir kapital i 2023.

Det vert også vist til at alle skipa er godt vedlikehaldne og har oppfylt alle klassekrava, slik at dei er godt posisjonerte for nye oppdrag.

Tanux 1
SVARTEHAVET: Det 53 meter lange offshore støttefartøyet Tanux III oppheld seg i Svartehavet. Foto: Uksnøy & co.

Vest Afrika og Svartehavet
Ifølgje Marine Traffic er 90,5 meter lange og15 år gamle Rig Andromeda på oppdrag i Nordsjøen.

48 meter lange og 17 år gamle Tanux III er utanfor Vest Afrika, medan 53 meter lange og 17 år gamle Tanux er på tyrkisk side av Svartehavet.

Tanux Shipping har ein samla negativ eigenkapital på 81,7 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 185 millionar,

Selskapet vert drive av Uksnøy & co. Største aksjonær er Øystein Uksnøy med 90,2 prosent av aksjane.

Publisert: 14.04.2023 08:57

Sist oppdatert: 14.04.2023 08:56

Mer om