538cb3b155ebcd917707ed9d964f609d8a5ed646 3292x2149
ANKERHANDLAR: Rig Pilot vart bygd som ein såkalla AHTS. Desse båtane var bygde for å handtere ankersystem for oljeplattformane, slepe og i tillegg fungere som supplyskip. Foto: ConocoPhillips/Norsk Oljemuseum
Nytt

50 år sidan første norske offshorefartøy til norsk reiar

Reiarlag i Brattvåg fekk overlevert det historiske skipet frå Fosnavåg-verft.

13.12.2022

12. desember 2022 er det nøyaktig 50 år sidan Rig Pilot vart overlevert frå Voldnes skipsverft i Fosnavåg til reiarlaget Sandøy Supply i Brattvåg.

Rig Pilot var det første norskbygde offshorefartyet som vart tinga av ein norsk reiar. Både verft og reiarlag var frå Sunnmøre, og begge partar hadde bakgrunn i fiskeria. Hendinga markerer også gjennombrotet for Møre og Romsdal som det viktigaste fylket i offshoreskipsfarten i Norge, og etter kvart også i verda. Uksnøy bestilte seks båtar, fire frå Voldnes og to frå Bolsønes verft i Molde.

Dette skriv Ingvil E. Grimstad, fagdirektør kulturhistorie i ein artikkel på vitimusea.no.

Ho viser til at på dette tidspunktet, i 1972, begynte ting å skje. Oljeproduksjonen i Nordsjøen hadde kome i gang i 1971, og reiarar, skipsverft og skipsteiknarar hadde begynt å orientere seg i den nye marknaden. Ved overleveringa av Rig Pilot var fleire av verfta i fylket i gang med offshoreprosjekt: på Aukra Bruk, Ulstein, Hatlø og Bolsønes i Molde. Snart kom fleire.

Rig Pilot i Kina - Foto Fearnley
HISTORISK: Rig Pilot i Kina. Foto med tillatelse fra Fearnley.

Fosnavåg og Harøya
Gerhard Voldnes AS var eitt av landets største private fiskerikonsern. Sidan etableringa i 1918 hadde konsernet bygd seg opp med mellom anna sildeoljefabrikkar i Honningsvåg, Fosnavåg og Måløy. I 1962 bygde Voldnes også skipsverft i Fosnavåg, som ei avdeling under Gerhard Voldnes AS. Det gjekk godt. I løpet av 1960–talet vart det bygd ti nybygg ved verftet. Føresetnadene var såleis gode for å ta på seg nye og større oppgåver. Firmaet hadde kapital, og her var tekniske anlegg og erfarne fagfolk og arbeidarar.

Lars Uksnøy (f. 1918) frå Harøya hadde sidan 1933 eigd ei rekke fiskebåtar. Uksnøybåtane var av dei største og mest moderne i den norske havfiskeflåten. Fiskebåtreiarlaget hadde følgt godt med på utviklinga. Utover 1960–talet vart ringnotbåtane stadig større, og det var klart at det måtte verte færre av dei.

Strengare regulering av kvotene i fiskeria spelte også inn. I følgje Uksnøy var oljerelatert verksemd «Et nytt alternativ for fiskerne i tider med restriksjoner og råstoffmangel.» Vidare meinte han at arbeidet på offshorefartya ikkje var så ulikt det fiskarane var van med. Dei hadde god røynsle med det urolege livet på sjøen og kunne handtere kompliserte operasjonar.

Mykje lokalt utstyr
Rig Pilot vart bygd som ein såkalla AHTS. Desse båtane var bygde for å handtere ankersystem for oljeplattformane, slepe og i tillegg fungere som supplyskip. Båtane var mindre spesialiserte enn dagens båtar. Rig Pilot var 57 meter lang, hadde motorar på 2980 KW og 495 bruttotonn.

Den avanserte båten trengde mykje utstyr, og dermed vart også dei lokale utstyrsleverandørane med på offshoreeventyret. Vripropellanlegg og propelldesign kom frå A.M. Liaaen i Ålesund. Baugthruster kom frå Brødrene Brunvoll Motorfabrikk AS i Molde. Vinsjar og dekksmaskineri kom frå Hydraulik Brattvåg og I.P. Huse. Styremaskin kom frå Tenfjord mekaniske verkstad. Hydraulik Brattvåg og Tenfjord mekaniske er i dag ein del av Kongsberg Maritime. Navigasjonsinstrumenta kom frå AS Elektronikk i Ålesund, ekkolodd og naudkommunikasjon frå Nesset skipsradio, seinare Alfred Nesset.

Allereie i 1977 vart både Rig Pilot og søsterskipet Rig Sailor selde til China. Då var desse første norskbygde offshorefartya rekna for å vere for små for arbeidsoperasjonane i Nordsjøen. Dei vart i ein periode nytta som Standby båtar ved oljeplattformene, og var mellom anna med på redningsarbeidet under Bravoutblåsinga på Ekofiskfeltet i april 1977.

For seint å redde
I 2016 tok Tor Arne Leine initiativ for om mogleg å redde pionerskipet Rig Pilot. Robert Voldnes, etterkomar etter Gerhard Voldnes og siste daglege leiar i Voldnes skipsverft AS, var interessert i å ta vare på skipet som museumsgjenstand. Båten vart spora opp ved eit kinesisk opphoggingsverft. Men det var for seint. Gjennom eit spleiselag klarte dei å sikre seg nokre få gjenstandar frå skipet: Skipsklokka og ein propell frå Liaaen.

Grimstad viser til at utviklinga av offshoreflåten har halde fram. Den siste ankerhandteringsbåten som vart levert frå eit verft i Møre og Romsdal, til reiarar i Møre og Romsdal, var Island Victory. Skroget vart bygd i Tulcea i Romania og vidare utrusta ved Vard Brevik og Vard Langsten.

Reiarlaget var det ulsteinbaserte Island Offshore. Båten er 123 meter lang, har ei motorkraft på 27 520 KW og 11362 bruttotonn. Båten er ein rugg samanlikna med dei fleste tilsvarande farty i dag. Likevel er det eit bilete på det som har skjedd sidan desemberdagen i 1972 då Rig Pilot, på 495 bruttotonn, var klar for oppdrag for Sandøy Supply.

Publisert: 13.12.2022 12:59

Sist oppdatert: 13.12.2022 18:17

Mer om