Stian Hjelle E Rvik Havfiskefoto Ervik Havfiske
SKAL VEKSE: Stian Hjelle er sjef for den nye sjømatdivisjonen i Ervik Havfiske-konsernet, eit vidareutvikling av salsselskapet Arctic Linefish. Foto: Ervik Havfiske
Nytt

Ervik Havfiske etablerer sjømatdivisjon

Samlar aktiviteten frå kaikanten til butikken i ein divisjon.

28.06.2021

Stian Hjelle skal leie den nye sjømatdivisjonen melder Ervik Havfiske-konsernet i ei pressemelding.

Det er salsselskapet Arctic Linefish AS, som no blir omorganisert til sjømatdivisjon i konsernet.

Målet er å vekse, mellom anna ved å utvide verksemda.

- Vi skal drive med det som skjer etter at fisken er landa til den er ute i butikk, seier Hjelle.

Under sjømatdivisjonen er melllom anna 25 prosent medeigarskap i ein fiskeforedlingsfabrikk i Orlando i Florida, som mellom anna tek i mot tannfisk Ervik Havfiske-konsernet fiskar i Sydishavet.

Divisjonen omfattar og Måløyterminalen, fryseterminalen som Ervik Havfiske-konsernet kjøpte i fjor.

Den skal og omfatte det planlagde slakteriet for oppdrettstorsk som er planlagt på Stad saman med fiskeindustriselskapet Per Stave og torskeoppdrettselskapet Statt Torsk.

Planen er at det samarbeidet etterkvart også kan omfatte meir enn foredling av oppdrettstorsk, ifølgje Hjelle.

Publisert: 28.06.2021 15:38

Sist oppdatert: 28.06.2021 23:31

Mer om