- Ein trist dag, seier Katrin Skåden om då ho fekk melding om at Skogstad ikkje lenger skulle sy i Noreg. Då hadde ho jobba i bedrifta, som var Innviks nest største private arbeidsplass, i over 16 år.
På topp var dei litt over 30 tilsette i fabrikken. På 90-talet var det som var att av norske klesprodusentar på full fart ut av landet. Skogstad var ikkje noko unntak, sjølv om avgjerda satt langt inne. I 1998 var det heilt slutt på sying i Noreg.
Men i dag er dei nesten like mange som jobbar i det gamle fabrikkbygget som før, og Skogstad er atter nest største private arbeidsplass i Innvik.
Rundt 20 personar har arbeidsplassen i bygget. Designarar og seljarar som bur andre stadar utgjer ni personar. På toppen av dette kjem tilsette i åtte heileigde butikkar.
Skåden, som kom attende til Skogstad for to år sidan, har mellom anna ansvaret for reklamasjonar, og er i dag den einaste det tidlegare fabrikbygget som framleis handterer ei symaskin.
I starten sleit bedrifta med mykje feilvarer, men straks den sende sin eigen representant til Kina vart det slutt på mistydningar og dårleg kommunikasjon, som var årsaka til mange av feila.
I dag har Skogstad sitt eige Kina-kontor, med sju tilsette, som mellom anna har ansvaret for å følge opp fabrikkane.
Han som bygde opp kontoret, Henning Skogstad, kom heim etter ti års Kina-opphald, og tok over som toppsjef etter sin far - Anton Skogstad - for eitt år sidan.
Men avgjerda om å flytte til Noreg valda ikkje store kvaler, heller ikkje hos kona Li Hongmei som han møtte og gifta seg med i Kina.
- Vi er tilpassningsdyktige, vi trivst der vi er, og her er det jo flott, seier Skogstad.
Dessutan skremer erfaringar frå land som Bangladesh. Det er dårleg reklame med ulykker og dårlege arbeidsvilkår for dei tilsette i tekstilindustrien.
- Det enda med at vi blir i Kina. Kina har utvikla seg utruleg mykje på desse åra. Vi treng ikkje bekymre oss for kvalitet på same måte som før, seier Skogstad.
Skogstad anslår at han har besøkt mellom 200 og 300 fabrikkar for å plukke ut dei han i dag brukar. Fleire gangar han han leika med tanken på å etablere eigen produksjon i Kina. Men då ville han fått ansvaret for fleire hundre tilsette, miste fleksibilitet og moglegheit til å flytte produksjonen.
- Det var ein draum ei stund, men eg er glad eg slo det frå meg, seier Skogstad.
Skogstad har og utvida samarbeidet med fleire sportskjeder. Målet er å vere inn hos dei fleste. I dag det berre XXL Skogstad ikkje avtale med.
Men marknaden er blitt tøffare, det er det ingen tvil om, meiner Skogstad. Leverandørane blir skvisa frå to sider, høgare kostnadar i produksjonslanda og hardare prispress frå sportskjedene i Noreg.
- Det er overetablering av sportsbutikkar, og hardare konkurranse, seier Skogstad.
På topp var dei litt over 30 tilsette i fabrikken. På 90-talet var det som var att av norske klesprodusentar på full fart ut av landet. Skogstad var ikkje noko unntak, sjølv om avgjerda satt langt inne. I 1998 var det heilt slutt på sying i Noreg.
Men i dag er dei nesten like mange som jobbar i det gamle fabrikkbygget som før, og Skogstad er atter nest største private arbeidsplass i Innvik.
Fleire enn før
Der det før var symaskiner og transportband er det i dag møterom, showroom, butikk og kontor for folk som tek seg av sal, marknadsføring, økonomistyring, datasystem og frakt.Rundt 20 personar har arbeidsplassen i bygget. Designarar og seljarar som bur andre stadar utgjer ni personar. På toppen av dette kjem tilsette i åtte heileigde butikkar.
Skåden, som kom attende til Skogstad for to år sidan, har mellom anna ansvaret for reklamasjonar, og er i dag den einaste det tidlegare fabrikbygget som framleis handterer ei symaskin.
Reiste til Kina
Skogstad flytta heile produksjonen til Kina, og gjekk over frå å sy sjølv til å få andre til å sy for seg.I starten sleit bedrifta med mykje feilvarer, men straks den sende sin eigen representant til Kina vart det slutt på mistydningar og dårleg kommunikasjon, som var årsaka til mange av feila.
I dag har Skogstad sitt eige Kina-kontor, med sju tilsette, som mellom anna har ansvaret for å følge opp fabrikkane.
Han som bygde opp kontoret, Henning Skogstad, kom heim etter ti års Kina-opphald, og tok over som toppsjef etter sin far - Anton Skogstad - for eitt år sidan.
Flytta heim
- Eg må seie eg stortrivdes i Kina, seier Henning Skogstad.Men avgjerda om å flytte til Noreg valda ikkje store kvaler, heller ikkje hos kona Li Hongmei som han møtte og gifta seg med i Kina.
- Vi er tilpassningsdyktige, vi trivst der vi er, og her er det jo flott, seier Skogstad.
...men blir i Kina
Fabrikkane i Kina er det derimot ikkje planar om å flytte frå, sjølv om lønene til arbeidarane er meir enn dobla sidan Skogstad byrja å sy der. Andre asiatiske land har eit lågare lønsnivå, men ein dårlegare infrastruktur. Dei undersøkjingane Skogstad har gjort tyder på at det er samla sett er lite å spare på å sy andre stadar, samstundes som det er kostbart å byggje opp verksemd i eit nytt land.Dessutan skremer erfaringar frå land som Bangladesh. Det er dårleg reklame med ulykker og dårlege arbeidsvilkår for dei tilsette i tekstilindustrien.
- Det enda med at vi blir i Kina. Kina har utvikla seg utruleg mykje på desse åra. Vi treng ikkje bekymre oss for kvalitet på same måte som før, seier Skogstad.
Drøymde om fabrikkar
I dag får Skogstad sydd plagga sine hos ti fabrikkar, og har ytterlegare 30 fabrikkar på lista over moglege leverandørar. Flesteparten held til i og rundt Hangzhou, ein naboby til Shanghai.Skogstad anslår at han har besøkt mellom 200 og 300 fabrikkar for å plukke ut dei han i dag brukar. Fleire gangar han han leika med tanken på å etablere eigen produksjon i Kina. Men då ville han fått ansvaret for fleire hundre tilsette, miste fleksibilitet og moglegheit til å flytte produksjonen.
- Det var ein draum ei stund, men eg er glad eg slo det frå meg, seier Skogstad.
Tøffare marknad
I 2013 har Henning Skogstad og resten av leiinga har brukt mykje tid på å meisle ut ein plan for å løfte både sal og resultat. Mellom anna har bedrifta investert rundt to milionar kroner i eit datasystem som automatiserer bestilling, fakturering og adressering.Skogstad har og utvida samarbeidet med fleire sportskjeder. Målet er å vere inn hos dei fleste. I dag det berre XXL Skogstad ikkje avtale med.
Men marknaden er blitt tøffare, det er det ingen tvil om, meiner Skogstad. Leverandørane blir skvisa frå to sider, høgare kostnadar i produksjonslanda og hardare prispress frå sportskjedene i Noreg.
- Det er overetablering av sportsbutikkar, og hardare konkurranse, seier Skogstad.
Det er overetablering av sportsbutikkar, og hardare konkurranse
Publisert: 07.01.2014 07:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30