Lena ls
HYDROGENSATSING: Lena Landsverk Sande og Møre og Romsdal Venstre fekk med seg landsstyret i ein uttale om berekraftig hydrogenproduksjon. Foto: Privat
Nytt

Vil ha satsing på hydrogenstasjonar for bilar

Landsstyret i Venstre vil ha på plass minst 30 hydrogenfyllestasjonar for tungtransport og personbilar innan 2025.

21.06.2021

Dette kjem fram i ein utttale om berekraftig hydrogenproduksjon, som landsstyret i Venstre i helga har vedtatt etter innspel frå Møre og Romsdal Venstre.

- Skal vi lukkast i hydrogensatsinga, er det viktig å få etablert produksjonsanlegg og infrastruktur i heile landet, slik at alle som ynskjer å ta i bruk hydrogenkøyretøy, både i næringsliv og private, kan fylle der det trengst.

Dette seier Lena Landsverk Sande i ei pressemelding. Ho er Møre og Romsdal Venstre sin førstekandidat til stortingsvalet, og sit i landsstyret.

Hydrogen mest realistisk
I 2020 la regjeringa fram sin eigen hydrogenstrategi.

Seinare er støtteordningar for hydrogen etablert og forsterka i Innovasjon Noreg, Noregs Forskningsråd, Gassnova, Enova og gjennom internasjonalt samarbeid.

I uttalen frå Venstre vert det vist til at i internasjonal skipsfart er hydrogen og ammoniakk produsert ifrå hydrogen, sett på som det mest realistiske alternativet for å nå null i utslepp. Venstre ønskjer å satse på hydrogen og ammoniakk som energiberarar i skipsfart i nærområda for å gje Noreg ei leiing i å bere fram morgondagen sine løysingar.

Nullutslepp i verdsarvfjordar
Landsstyret slår fast at no er det viktig å få etablert produksjonsanlegg for hydrogen og infrastruktur for å ta hydrogen i bruk i heile landet. Verdikjedane innan hydrogen kan vere spesielt viktige langs kysten. Produserer ein hydrogen i kystområda og leverer til drift av hurtigbåt, ferje og andre kystfartøy vil det vere med å drive frem lønsemd i produksjon og distribusjon av hydrogen, vert det sagt.

"Nullutsleppskravet for store forureinande cruisebåtar i fjordane våre og særskilt i verdsarvfjordar er viktig å stå fast ved. I sårbare område må båttransport så snart som mogleg gå over til å nytte hydrogen, ammoniakk eller batteri. Dette vil også kunne skape grunnlag for lokalt næringsliv, gjennom å tilby transport med mindre lokaleigde båtar som går på hydrogen. Fleire fartøy innan oppdrettsnæringa kan og driftast med hydrogen", står det i uttalen.

Der blir det slått fast at Venstre meiner det samtidig er viktig å få på plass eit nasjonalt tilbod av hydrogenfyllestasjonar både for tungtransport og personbilar.

"Næringsliv og privatpersonar som ynskjer å ta i bruk hydrogenkøyretøy må ha tryggleik for å kunne fylle køyretøya sine. For å leggje til rette for fleire køyretøy på hydrogen vil Venstre at verkemiddelapparatet i samarbeid med næringslivet skal få på plass minst 30 hydrogenfyllestasjonar for tungtransport og personbilar innan 2025."

Publisert: 21.06.2021 07:58

Sist oppdatert: 21.06.2021 16:05

Mer om