Hydrogen kan bli game changer for Noreg
HYDROGEN: Arbeidarpartiets energi- og miljøpolitiske talsperson Espen Barth Eide meiner Noreg bør satse massivt på hydrogen.
Nytt

Hydrogen kan bli «game changer» for Noreg

Eit utval med representantar frå Ap, Sp, SV og MDG meiner Noreg bør gå inn for storskala hydrogenproduksjon. Visjonen er 400.000 tonn i året innan 2030.

23.06.2020
NPK-NTB-Johan Falnes: – Noreg må ta leiarskap og vere først ute med å få på plass ei storskala, fullverdig verdikjede for hydrogen, seier Aps Espen Barth Eide.
Han har delteke i eit utval i regi av Tankesmien Agenda som no legg fram ein rapport med fleire idear til nærings- og industriprosjekt som kan sikre grøn vekst i Noreg. Dei tre andre medlemmene er Anne Beathe Tvinnereim (Sp), Kari Elisabeth Kaski (SV) og Per Espen Stoknes (MDG).
Storskala hydrogenproduksjon er det eine av i alt fire «samfunnsoppdrag» for grøn vekst som utvalet foreslår i den nye rapporten sin.

Ser industrimoglegheiter

I rapporten blir hydrogen omtala som ein potensiell «game changer» for Noreg, «slik oljen var i si tid».
Dei fire politikarane vil derfor satse strategisk og langsiktig og ser for seg ein produksjon på minimum 400.000 tonn reint hydrogen i året i Noreg innan 2030. For å få til dette foreslår utvalet å opprette både eit statleg hydrogenselskap og eit statleg hydrogenfond.
Dei industrielle moglegheitene blir omtala som store.
– Vi står føre ein formidabel energirevolusjon, understrekar Eide.
– Den viktigaste marknaden vår, EU, skal bli klimanøytral innan 2050, og mange europeiske land utviklar no eigne planar for ny nasjonal energiindustri. Vi i Noreg kan ikkje vere passive, slik vi er no, seier han.

Hydrogenstrategi

Bakteppet for Eides kritikk er den norske hydrogenstrategien som klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og olje- og energiminister Tina Bru (H) la fram i byrjinga av juni.
Håpet er at hydrogen på sikt skal kunne brukast til å erstatte fossile brensel både i industri og i transport, og regjeringa ser spesielt for seg at hydrogen kan få ei rolle som drivstoff i maritim sektor, med hydrogendrivne ferjer og hurtigbåtar som eit viktig satsingsområde.
Men både bransjen og opposisjonen var skuffa over strategien frå regjeringa. Det kjem mellom anna av at han er utan pengelovnad og talfeste mål for hydrogenmarknaden, i motsetnad til mange av dei hydrogenstrategiane som no blir meisla ut i andre europeiske land.
Den tyske regjeringa vil til dømes bruke 9 milliardar euro på hydrogen dei komande åra, med mål om å få på plass ein produksjonskapasitet for hydrogen i Tyskland på 5 gigawatt innan 2030.
Samtidig arbeider EU-kommisjonen med ein felles europeisk strategi.

Fôr, havbruk og ikkje-fossile skip

I tillegg til hydrogensatsinga kjem òg opposisjonspartia med eit samfunnsoppdrag der dei vil at alt fôr til landbruk og havbruk skal kome frå berekraftige kjelder innan 2030, og at det ikkje skal importerast soya frå sensitive landområde.
Dei vil òg doble verdiskapinga og senke fotavtrykket frå havbruk dei neste ti åra.
I tillegg vil dei ha minimum 100 ikkje-fossile skip i Noreg innan 2030.
Vi står føre ein formidabel energirevolusjon

Publisert: 23.06.2020 10:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58