Fekk raude tal i fjor
TILTAK: Jostein Bøe er eineeigar av Stryvo Group-konsernet, som har gjort oppkjøp og utvidingar siste åra. No vil dei styrke fokus på kjerneverksemda, ha betre prosjektoppfølgjing og meir resultatfokus.
Nytt

Fekk raude tal i fjor

Stryvo Group gjekk på ein smell i fjor. 

Kristin Vidhammer
03.08.2018
Det mekaniske industri-konsernet har dotterselskapa Stryvo Stryn, Stryvo Bismo, Stryvo as og Stryvo Invest, som igjen eig Stryvo Oslo.
Driftsinntektene i fjor enda på nesten 97 millionar kroner, som berre er ein liten nedgong frå året før. Resultatet før skatt vart eit underskot på nesten 12 millionar kroner, mot eit overskot på over 6 millionar året før (sjå tabell).
Det er nedskriving på ei investering med 3 millionar kroner og auka driftskostnadar med nærmare 14 millionar kroner som forklarar tapet i fjor.

Styrkar fokus på kjerneverksemd, marknadsføring og resultat

Ifølgje årsmeldinga for i fjor, har dei no etablert ein strategi som skal sikre grunnlag for fortsatt vekst og utvikling gjennom styrka fokus på kjerneverksemda, betre prosjektoppfølgjing og resultatfokus.
- I 2018 vil fokus fortsatt vere å styrke varemerker gjennom sterkare marknadsføring og aktiv satsing på produktutvikling. Dette også for å nå nye marknader for å vere mindre sårbare for omsetningssvikt på enkeltkundar, skriv styret.
Med bakgrunn i nye marknadsmulegheiter og fortsatt sterk fokus på verdiskaping, meiner styret at utsiktene for 2018 er gode. Dei påpeiker likevel at det er sterk konkurranse og at også internasjonale aktørar har inntatt den norske marknaden.
Les også:

Har gjort oppkjøp og utvidingar siste åra

Då oljenedturen kom valde Jostein Bøe i Stryn å gi gass, med oppkjøp og utvidingar. Før det besto Stryvo Group av hovudselskapet i Stryn og dotterselskapet på Bismo i Skjåk. Selskapet på Bismo blei skipa etter at Stryvo tok over buet etter Bismo Industrier i 2013.

I løpet av 2015 og 2016 utvida industri-konsernet med oppkjøp i Oslo, avdeling i Florø, avdeling i Bergen og enda eit oppkjøp i Oslo, samt etablering i Vanylven. I Vanylven er målet å produserer og montere bøyer og anna utstyr for det svenske selskapet Wave4Powers sine bølgekraftverk.

Tiltak for å styrke eigenkapital og likviditet

Den bokførte eigenkapitalen i konsernet var ved årsskiftet 8,8 millionar kroner, som tilsvarar 11,7 prosent. Styret skriv i årsmeldinga at dei jobbar målretta med å styrke eigenkapitalen i konsernet. Det er også planlagt tiltak for å forbetre likviditetssituasjonen.
Stryvo-konsernet hadde 73 årsverk i fjor.

Publisert: 03.08.2018 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24