Poenget med det nye designet frå Ulstein Design & Solutions er å bygge fartøy som er gode nok til å vere eit alternativ til dei langt større serviceskipa omtala som SOV-ar.
Desse har minst 90 meter lengde og kan ha plass til over 100 personar om bord. Fartøyet skal også vere eit alternativ og supplement til mindre fartøy, eller helikopter som fraktar servicefolk til og frå vindturbinanlegga på dagen.
Med «baug» i begge endar
Det nye designet er i utgangspunktet eit 47 meter langt og 12,5 meter breitt fartøy med plass 32-40 personar.
Dei skal utrustast med kran eller gangveg for å frakte folk mellom fartøy og installasjonane. Skipa skal byggast med Ulstein sin baugforma akterende (X-Stern) for å kunne snuast mot bølgjene frå begge retningar.

Kan nyttast i kombinasjon med større skip
Fartøya med det nye designet kan mellom anna kan brukast i kombinasjon med større fartøy, der dei større fartøya tek dei mest krevjande oppdraga, medan fartøy med det nye designet tek dei mindre krevjande.
Det fortel kommersiell direktør Lars Ståle Skoge i Ulstein Group sitt dotterselskap Ulstein Design & Solutions.
Det nye designet er ikkje ein krympa versjon av dagens SOV-fartøy, men designa frå grunnen av spesielt for den nye storleiken.
Vil redusere byggekostnadane
Selskapet skriv i ei pressemeldig at eitt av poenga med dei nye fartøya er å redusere investeringskostnadane for reiarlaga.
«Verda treng grøn energi, men høge kostnader er ei hindring. Prisane på råmaterialar og utstyr har meir enn dobla seg, noko som har stoppa mange prosjekt. Kan vi redusere den økonomiske risikoen i å utvikle havvindparkar og gjere walk-to-work-operasjonar (W2W) meir overkommelege», spør selskapet i pressemeldinga.
Publisert: 04.02.2025 15:18
Sist oppdatert: 04.02.2025 15:21