Jørn Eggum Fellesforbundet foto marius 11
HAR SNUDD: Fellesforbundets leiar Jørn Eggum fortel at forbundet har snudd i synet på grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fellesforbundet har snudd om lakseskatten

Men LO-forbundet krever endringar som skal sikre innanlands foredling.

24.11.2022

(NPK-NTB-Alexander Vestrum): Fellesforbundet har snudd og ønskjer no grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa, gitt at regjeringa kjem dei i møte på ein del justeringar i forslaget.

Klassekampen har snakka med fleire LO-kjelder og skriv at det denne gongen kjem til å bli eit klart ja til grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa. Nøkkelen ligg ifølgje avisa hos Fellesforbundet.

– Vi har snudd i spørsmålet om grunnrente, fortel forbundsleiar Jørn Eggum.

Det grunngir han med at forslaget til Ap-/Sp-regjeringa er betre enn det regjeringa leidd av Erna Solberg (H) i si tid la fram.

– Den gong såg vi ikkje nokon grunn til at dåverande finansminister Siv Jensen (Frp) skulle dra inn mykje skatt for å gi skattelettar til dei rikaste. No ser vi at 50 prosent av skatten skal gå tilbake til lokalsamfunna, seier Eggum.

Stiller krav til regjeringa
Eit av krava til regjeringa no er at skatten må innrettast slik at laksen blir omarbeidd i Noreg og ikkje blir send til tilverking i utlandet. LO er no i gang med ei intern høyring, og i desember skal ho munne ut i LOs svar på høyringsrunden til regjeringa.

Grunnrenteskatt blir betalt av inntekter ein får ved å utnytte naturressursane til fellesskapet, slik som vatn, vind og hav. Namnet kjem frå det engelske uttrykket «ground rent», altså jordleige eller landleige. I dag er det grunnrenteskatt på vasskraft og oljeproduksjon, og regjeringa vil innføre dette på vindkraft og lakseoppdrett.

Foreslått frå 1. januar
For havbruksnæringa er det foreslått ein effektiv sats på 40 prosent, og dette gjeld produksjon av laks, aure og regnbogeaure. Eit botnfrådrag på 4.000-5.000 tonn skal sikre at berre dei største aktørane betaler grunnrenteskatt.

Skatten er berekna å gi mellom 3,6 og 3,8 milliardar kroner årlege i inntekter. Inntektene skal fordelast likt mellom stat og kommunar.

Forslaget er sendt på høyring med frist 3. januar, og regjeringa foreslår at det skal gjelde frå 1. januar.

(©NPK)

Publisert: 24.11.2022 08:13

Sist oppdatert: 24.11.2022 08:40

Mer om