Stadt Hallvard Slettevoll 2019
TRENG FLEIRE FOLK: Hallvard Slettevoll i Stadt har sett verksemda krympe etter oljeboomen tok slutt i 2014. No er det oppsving igjen.
Nytt

Fem nye stillingar til Stadt

Største oppbemanning på fleire år.

06.01.2023

Stadt-sjef Hallvard Slettevoll er på jakt etter elkraft-ingeniør, automatikar, ein økonom og to traineear - ein teknisk og ein på sal.

Får han alle på plass, går arbeidsstokken på Stadt sitt hovudkontor og verkstad i Gjerdsvika opp frå åtte til 13. No er det vekst igjen for selskapet.

- Vi har vore gjennom nokre vanskelege år, seier Slettevoll.

Kraftig auke

Stadt utviklar og lagar anlegg og system for bruk av elektrisitet til framdrift av skip.

Frå 82 millionar kroner i driftsinntekter i 2014, fall driftsinntektene nesten kvart år - til 3,3 millionar kroner i 2021.

I 2020 og 2021 var resultatet før skatt til saman ti millionar kroner.

Men i fjor, og spesielt mot slutten av året, skaut marknaden ny fart for Stadt.

- Ordrereserven er på 100 millionar kroner, seier Slettevoll.

Militære fartøy
Innpass i marknaden for militære skip - også internasjonalt - er medverkande til at Stadt treng fleire folk.

Stadt er inne i to utviklingprosjekt som kan føre til bygging av inntil 20 militære skip, og har kontraktar om leveransar til skip som skal byggast i løpet av kort tid, seier Slettevoll.

Publisert: 06.01.2023 15:04

Sist oppdatert: 06.01.2023 15:40

Mer om