Sunnmøre tingrett foto ogne
Nytt

Fire utan jobb etter Volda-konkurs

Slutt for målarfirma, men talet på konkursar på Nordvestlandet går kraftig ned.

Marius Rosbach
18.03.2021

Det drygt tre år gamle firmaet Maler Proff Volda har meldt oppbod. Det kjem fram i ei kunngjering frå Brønnøysundregistera torsdag.

Bustyrar Hege Robudal Stenkløv fortel til NETT NO at ho har fått papira frå retten, men at ho førebels ikkje har sett seg inn i saka.

NETT NO har snakka med innehavaren, som ikkje vil la seg intervjue. Han opplyser likevel at dei har vore fire tilsette i firmaet der Sunnmøre tingrett no har opna konkurs.

To år med underskot
Firmaet hadde ei omsetning på 3,4 millionar i 2019 og 2,3 millionar i oppstartsåret 2018. Begge åra enda med underskott på til saman kring 450.000 kroner. Selskapet hadde difor negativ eigenkapital ved inngangen til fjoråret.

Dette blir kommentert i den siste offentlege rekneskapen frå 2019, der styret påpeiker at dei vurderer fortløpande behovet for å skyte inn meir pengar.

På det tidspunktet var den kortsiktige gjelda på drygt 700.000 kroner – og om lag halvparten av dette var avgifter til det offentlege.

Konkurstala har stupt
Så langt i år er det langt færre konkursar enn på same tid i fjor. For Møre og Romsdal er talet på konkursopningar halvert frå 50 til 26.

For dei fire Nordfjord-kommunane er nedgangen enno større. Medan det i fjor var registrert ti konkursopningar halvvegs inn i mars månad, er det i år berre registrert ein konkurs i Gloppen. I Stryn, Stad og Kinn er det ikkje registrert konkursar i år.

Også på landsbasis har det vore færre konkursar enn i eit normalår.

Flest konkursar i bygg- og anlegg
Av dei 26 konkursane i Møre og Romsdal er minst ni knytt til bygg- og anleggsbransjen. Også den eine konkursen i Gloppen – Møre Utemiljø – kjem frå denne bransjen.

Det er ingen større bedrifter som har gått over ende på Nordvestlandet så langt i år.

Årsaka til at det er færre konkursar etter koronapandemien slo til, er at styresmaktene i langt mindre grad enn tidlegare følgjer opp krav mot bedrifter som til dømes skuldar skatt eller meirverdiavgift.

Publisert: 18.03.2021 16:32

Sist oppdatert: 18.03.2021 23:12

Mer om