Audun Maråk foto Ogne
SKULDAR PÅ BRITANE: Fiskebåtsjef Audun Maråk meiner Storbritannia har prøvd å sende rekninga for brexitavtalen til norske fiskarar. Foto: Ogne Øyehaug .
Nytt

Rosar regjeringa si makrellavgjerd

Fiskebåtreiarane meiner det er bra at Norge svarar på det dei kallar uakseptabel framferd frå Storbritannia.

27.05.2021

Den nasjonale makrellkvoten i 2021 blir 298.299 tonn, har Nærings- og fiskeridepartementet bestemt. Kvota svarar til 35 prosent av anbefalt samla fangst.

Avgjerda haustar ros frå fiskebåtreiarane i organisasjonen Fiskebåt.

– Fiskeriministeren si avgjerd er i tråd med tilrådinga frå Fiskebåt/Fiskarlaget og makrellen si tilhørigheit i norsk farvatn. Ingen kan difor klandre Norge for å fastsette ein andel på 35 prosent, uttalar administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt i ei pressemelding.

– Bra og viktig at fiskeriministeren er tydeleg
Maråk presiserer at det er bra at Norge svarar opp på det han karakteriserer som ei uakseptabel framferd frå Storbritannia.

- Vi opplever at Storbritannia forsøker å sende brexit-rekninga til Norge og norske fiskarar, noko vi sjølvsagt ikkje kan godta. Difor er det både bra og viktig at fiskeriministeren er tydeleg i dette spørsmålet, legg han til.

Ikkje mogleg å få til avtale
Noreg må sjølv setje eigen kvote fordi det ikkje finst ein kyststatsavtale for makrell i år.

– Det var ikkje mogleg å få til ei vidareføring av kyststatsavtalen for makrell for 2021 etter at Storbritannia gjekk ut av EU og blei ny sjølvstendig kyststat. Dette er sterkt beklageleg fordi denne avtalen har vore viktig for å sikre forsvarleg forvaltning, stabilitet og føreseielegheit for alle partar. Manglande avtale betyr at Noreg einsidig må fastsetje makrellkvoten sin, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i pressemelding i samband med avgjerda.

Den opphavlege kyststatsavtalen før Storbritannia gjekk ut av EU, var inngått mellom Noreg, EU og Færøyane og omfatta dermed dei sentrale kyststatane for makrell.

Publisert: 27.05.2021 12:53

Sist oppdatert: 17.06.2021 15:31

Mer om