Fiskebaatkjoep i rekordklassen
REKORDKJØP: Henning Veibust i Veibust Fiskeriselskap står bak ein av dei største transaksjonane i ringnotflåten, gjennom kjøpet av tidlegare "Ordinat".
Nytt

Fiskebåtkjøp i rekordklassen

Henning Veibust i Ålesund kjøper ringnotbåt og kvoter heim til Sunnmøre. Prisen er truleg på rekordnivå.

11.09.2014
Både Veibust og seljar John Olav Økland i Øklands Fiskebåtrederi stadfestar at handelen er i boks.
- Vi overtok i går, seier Veibust.
Båten har allereie skifta namn, frå "Ordinat" til "Havfisk", og Skipsregistera er i skrivande i stund i ferd med å få eigarskiftet registrert.
Mannskapet om bord blir med vidare. Med kjøpet utvidar Veibust flåten til Veibust Fiskeriselskap frå to til tre, og får over 40 tilsette. Kjøpet skjer gjennom dotterselskapet Havskår as.

500 millionar kroner

Korkje Økland eller Veibust vil kommentere kjøpesummen, men etter det NETT NO har grunn til å tru er det snakk om til saman rundt ein halv milliard kroner.
"Havfisk" er bygd på Fitjar Mek. Verkstad i 1999 og har både ringnotkonsesjon og kolmulekonsesjon. Ringnotflåten har i fleire år vore den mest lønsame delen av fiskeflåten. Den fiskar sild, makrell og lodde. I tillegg har ein del av flåten rett til å fiske kolmule.
Ringnotkonsesjonar er tidlegare omsett til rundt 70 millionar kroner for 100 basistonn (ein målestokk for storleiken på kvotene). "Havfisk" har ein konsesjon på 509 basistonn, så det åleine tilseier ein pris på rundt 350 millionar kroner.

Stigande kolmuleverdi

Etter at kolmulebestanden har auka har verdien av retten til å fiske kolmule også auka. Eit forsiktig tilseier at det er snakk om minst 50 millionar kroner for "Havfisk" sitt vedkomande.
På toppen av dette reknestykket kjem verdien av sjølve fartyet, slik at det alt i alt er sannsynleg at heile transaksjonen er på rundt 500 millionar kroner.
Handelen kan dessutan samanliknast med salet av ringnotfartyet "Stålringen" frå Nord-Noreg ifjor. Det var ein meir komplisert transaksjon, der kvotane hamna på fleire hender og båten vart seld for seg. Men etter det NETT NO erfarer var prisnivået på eit nivå som gjer det sannsynleg at "Havfisk" vart kjøpt til for rundt ein halv milliard kroner.
Sparebanken Møre er långivar i samband med transaksjonen. Banken har i følgje skipsregisteret pant for 385 millionar kroner i fartyet.

Nøye vurdert

Sjølv om Veibust ikke vil seie noko om prisen, legg han ikkje skjul på at det er snakk om ei stor investering.
- Det er mange og tunge vurderingar som ligg bak ei investering som dette, seier han.
Regjering har ute på høyring eit framlegg om å auke taket på kor store kvoter som kan fiskast pr. båt.
Sjå og fleire artiklar om temaet under Relaterte saker.
I dag er taket 650 basistonn, regjeringa gjer framlegg om ein auke til 850 basistonn. Blir det vedtatt kan ringnotflåten, om reiarane nyttar høvet til å samle fisket på færre båtar fullt ut, reduserast med cirka 30 prosent, til ned mot 50 farty.

Vente og sjå

Veibust har ikkje teke noko avgjerd om kva han vil gjere med sine farty. Han vil mellom anna vente og sjå på kva som kjem ut av den politiske prosessen.
Slik det er i dag er det i alle fall uaktuelt å slå samle kvotane i Veibust Fiskeriselskap på færre farty, seier Veibust. Grunnen er mellom anna at dei kvotane som blir overførde frå eitt farty til eit anna må fordelast på alle farty i fartygruppa (aller ringnotfartya i dette tilfelle) etter 20 år.
Etter kjøpet av "Havfisk" har Veibust tre ringnotbåtar. "Havskjer" har allereie nådd dagens kvotetak for flåten, medan "Havstål" har ein kvote på 448 basistonn.
Det er mange og tunge vurderingar som ligg bak ei investering som dette

Publisert: 11.09.2014 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:35