Bjørnar Skjæran fiskeri og havminister verftskonf 2021 foto Ogne
TIL ÅLESUND: Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran skal møte representantar for både båtbyggjar- og sjømatindustri i Ålesund. Her er han på verftskonferansen i Ålesund i november 2021. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fiskeri- og havministeren til Ålesund

Skal møte maritim og marin klynge.

07.02.2022

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran er gjest hos Åkp og klyngeorganisasjonane GCE Blue Maritime og NCE Legasea på NMK i Ålesund i morgon.

Skjæran fekk eit utvida ansvar då Ap/Sp-regjeringa stokka om på statsrådane sine oppgåver etter å ha tatt over regjeringskontora frå Erna Solberg (H) i fjor haust.

Det nye er at Skjæran også har ansvaret for skipsfart og skipsbygging. I morgon får han mellom anna presentert GCE Blue Maritime sin nye strategi, med vekt på å bli leiande i utvikling av utsleppsfrie skip.

Ny kvotemelding
Like etter at han hadde flytta inn på statsrådskontoret varsla Skjæran at han hadde bedt departementet om å lage ein tidsplan for arbeidet med ei ny kvotemelding.

Den førre regjeringa lukkast dårleg med sine forsøk på å samle eit breitt fleirtal for endringar i korleis fiskekvotane blir fordelt mellom dei ulike gruppene fiskarar.

Til NETT NO sa Skjæran i november 2021 at den nye kvotemeldinga skal gi ei meir rettferdig fordeling av kvotane, men ville ikkje utdjupe kva det betyr.

Ny forskingstrategi
I januar fekk Skjæran overlevert den nye strategien for maritim bransje.

Den er offentlegjort i ein rapport på 100 sider der ein ser på teknologi- og forskingsmoglegheiter i grøn skipsfart og digitalisering.

Då rapporten vart lagt fram sa Skjæran at regjeringa har store ambisjonar for grøn skipsfart. Kva dei store ambisjonane betyr av konkrete tiltak får han truleg sjansen til å utdjupe i møtet med Åkp og klyngeorganisasjonane GCE Blue Maritime og NCE Legasea i morgon.

I Ålesund skal Skjæran også delta på eit arrangement i regi av The North West og tankesmia Initiativ Vest og besøke Kystdirektoratet.

Publisert: 07.02.2022 12:23

Sist oppdatert: 07.02.2022 12:25