Autonomt skip ekornes ålesund illustrasjon schenker
TESTA DIGITALT: Autonom båtfrakt av råvarer og møblar mellom Sykkylven og Ålesund er allereie testa digitalt. Under Ship Technology Days i Ulsteinvik blir førarlause skip sett på dagsorden. Illustrasjon: Schenker
Nytt

Autonom skipsfart ventar på reguleringar

Utfordringane med å ta i bruk førarlause skip blir sett på dagsorden under Ulstein-konferanse.

Marius Rosbach
27.02.2024

Tysdag kveld brakar det laust med Ship Technology Days i Ulsteinvik med maritim «hang out», og onsdag er det fullt program i konferansesalen ved Quality Hotel Ulstein.

Dette er andre gong konferansen blir arrangert, og i år er det første gong arrangementet går av stabelen i slutten av februar. Ulstein Næringsforum er arrangør i samarbeid med den maritime klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime.

Ventar på godkjenning
Autonom skipsfart og digitalisering blir via betydeleg merksemd under årets konferanse. Fleire i bransjen fortel no at dei ventar på at regelverket for slik skipsfart skal kome på plass.

Ein av desse er prosjektgruppa som jobbar med å legge til rette for at førarlause skip, eller sjødronar, skal kunne frakte råvarer til Ekornes-kaia i Sykkylven og møblar til kontainerhamna i Ålesund.

– Vi har gjennomført digital testing og neste steg er å få klarheit i kva tid vi kan få en godkjenning for autonome operasjonar i dette farvatnet, fortel Lars Wittemann, som er forsyningskjede-direktør i Ekornes, til NETT NO.

Autonomt skip ekornes sykkylven illustrasjon schenker
FLEIRE PARTNARAR: Partnarane i prosjektet er Ekornes, Kongsberg Maritime, DB Schenker, Massterly og Naval Dynamics. Illustrasjon: Schenker

Paneldebatt om utfordringane
Wittemann påpeiker at det ikkje er noko hastverk for Ekornes sin del, men ei realisering av ei slik transportrute, vil truleg bli den første i sitt slag i verda. Partnarane i prosjektet er Ekornes, Kongsberg Maritime, DB Schenker, Massterly og Naval Dynamics.

Kanskje får industrien nokre svar på reguleringsspørsmåla sine under Ship Technology Days i Ulsteinvik. Dit kjem iallfall Nils Haktor Bua som leiar Sjøfartsdirektoratet sitt arbeid med ny maritim teknologi.

Bua skal både halde eit eige innlegg og møte i paneldebatt om utfordringane for førarlaus skipsfart med representantar frå mellom Hav Group, Statens vegvesen og DNV.

Vekstselskap og bedriftsbesøk
På konferansen skal Kongsberg Maritime fortelje korleis dei jobbar med autonom skipsfart. Dei har laga eit operasjonssenter i kjellaren på Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund, som allereie er nytta til autonome seglasar.

Sjekk programmet (ekstern lenke)

Under konferansen skal også Marte Berild Hjelle frå Møre og Romsdal fylkeskommune summere opp resultata frå eit prosjekt som har utforska moglegheitene for passasjertrafikk med autonome båtar.

Etter at mellom anna vekstselskapa Dipai og Effee Induction har avslutta programmet onsdagen, står bedriftsbesøk på timeplanen torsdag. Deltakarane vitjar både utstyrsleverandøren Evotec, reiarlaget Island Offshore og Ulstein Verft.

Publisert: 27.02.2024 11:41

Sist oppdatert: 03.03.2024 18:51

Mer om