- Fleire 1000 arbeidsplassar i fare
Ingenting som tyder på at statsministeren har lytta om lakseskatten, meiner Per Helge Devold i Gath-nettverket.
Regjeringa varsla tidleg tysdag at grunnrenteskatten på oppdrettsnæringa blir 35 prosent i lovframlegget som blir behandla i statsråd i dag.
Det opphavlege framlegget var 40 prosent skatt på overskotet for sjøbaserte oppdrettselskap, i tillegg til den ordinære selskapsskatten på 22 prosent.
- Det er ei svært moderat justering og slik framlegget ligg no vil det framleis sette tusenvis av arbeidsplassar i fare langs kysten, seier styreleiar Per Helge Devold i Gath-nettverket til NETT NO.
Les også
Forstår ikkje konsekvensen
Regjeringa forstår ikkje konsekvensen skatteframlegget får for leverandørindustrien, etter Devold si vurdering.
Summen av eit uventa framlegg om grunnrenteskatt, auka formue- og utbytteskatt, og uvisse om skattlegging av tilsette på brønnbåtane har medverka til å skape ei uvisse i næringa, som påverkar investeringsviljen, ifølgje Devold.
Devold er styreleiar i Gath, ein nettverksorganisasjon for bedrifter i oppdrettsnæringa, med tyngdepunktet hos utstyr- og tenesteleverandørar - som det er mange av på Nordvestlandet.
Tørke
Då grunnrenteskatten blei varsla i fjor haust, i samband med statsbudsjettet for 2023, opplevde utstyrsleverandørane at oppdrag blei sett på vent eller avlyst.
Oppdrettselskapa ville ikkje investere så lenge dei ikkje visste korleis den nye skatten kom til å bli. Oppdragstørken vil halde fram også etter justeringa av skatteframlegget, etter Devold si vurdering.
Les også
Publisert: 28.03.2023 10:14
Sist oppdatert: 28.03.2023 19:19