Oppdrag for over ein halv milliard sett på vent
Store oppdrag utsett for MMC First Process og Cflow. Banksjef fryktar mindre selskap går over ende.
MMC First Process og Cflow har fått oppdrag for tilsaman over ein halv milliard kroner utsett i uviss tid etter at regjeringa kom med framlegget om å innføre grunnrenteskatt på oppdrettselskapa.
Skatten på 40 prosent, kjem i tillegg til den ordinære selskapsskatten på 22 prosent.
MMC First Process og Cflow er to at dei største leverandørane på Nordvestlandet av utstyr og anlegg til oppdrettsbransjen. Når dei må sette arbeid på vent blir også deira leverandørar råka.
Forplanter seg i verdikjeda
-Det følgjest åt
heilt automatisk. Når ordrar vi forventar skal kome, ikkje kjem fordi
dei er utsette, så vil det forplante seg nedover i verdikjeda, seier
Cflow-sjef Stig Olav Bjørkedal.
Det er også stopp i tilgangen på moglege nye oppdrag.
- Det vi merkar no er at det ikkje kjem nye prosjekt som vi kan jobbe med på sal, seier han.
Banksjef redd for dei små
Banksjef for marin avdeling i Sparebanken Møre, Runar Debess, er redd konsekvensane for mindre bedrifter, som har store selskap som Cflow og MMC First Process som store kundar.
- Mange av desse små har ikkje mykje å stå i mot med og når oppdraga stoppar så blir det konkursar, seier han.
Etter at regjeringa foreslo skatteauke for oppdrettsselskapa frå neste år gjekk fleire næringsforeininga og bankar langs kysten saman for å få laga ein rapport om konsekvensane av skatteauken.
Ein konsekvens av framlegget er at Oslo blir den kommunen som får størst overføringar frå den auka lakseskatten.
Negative ringverknader
Tidlegare i haust la Menon Economics fram ein rapport som viste store positive ringverknadar av vekst for oppdrettselskapa.
Næringsforeningen Ålesundregionen er mellom dei som bestilte rapporten som er lansert i dag. På grunn av dei mange bedriftene på Nordvestlandet som leverer utstyr, anlegg og tenester til oppdrettsnæringa blir Ålesund-regionen hardast råka av den foreslåtte skatteauken, etter Næringsforeningen si vurdering.
E17/S2 Djup uro for skattetungt budsjett
Publisert: 10.11.2022 11:51
Sist oppdatert: 11.11.2022 09:53