Fleire faar varmen rett fraa sjoeen
VARME: Arild Lote Henden og magne Hjelle i Fjordvarme på Eid.
Nytt

Fleire får varmen rett frå sjøen

Magne Hjelle i Fjordvarme ser stort potensiale i å bruke sjøen til oppvarming og avkjøling av bygningar. No vurderer ein løysinga i Selje og Leikanger på Stad.

05.06.2020
- Det er eit stort potensiale for at fleire tek i bruk fornybare energiløysingar. For dei som er lokalisert nær sjø eller fjord, er bruk av fjordvarme eit naturleg val.
Det seier dagleg leiar Magne Hjelle i Fjordvarme på Nordfjordeid.
Her var ein av dei første i Norge som tok i bruk energien frå sjøen til å varme opp eller kjøle ned bygningar.

59 varmepumper

Utbygginga starta i 2002, og anlegget kom i drift i 2004, då med Eid kommune som eigar.
Sjøvassleidningane er lagde 400-600 meter ut frå land frå to bygg, der det eine ligg like ved Vikingsenteret Sagastad. Inntaka er på 40-50 meters djupne.
No er det i alt 59 varmepumper i drift.
Frå desse vert det levert om lag 13 GWh varme i året til offentlege bygg, næringsbygg og bustader.
- Om lag 7,5 GWh vert henta direkte frå sjøen. I tillegg nyttar 32 kundar om lag 2,0 GWh frikjøling per år, seier Hjelle.

Selje og Leikanger

Det starta med offentlege bygg i Eid sentrum. No har ein spreidd seg, og nye kundar kjem til. Sist ute er Stad kommune ved Fossevegen bufellesskap og nye omsorgsbustader på Myroldhaug.
- Bruk av fjordvarme blir også vurdert i Selje og Leikanger på Stadlandet. Her pågår det arbeid med forprosjekt. Beslutning om utbygging vil bli teke hausten 2020, seier Hjelle.
På energiområdet har selskapet også i mange år levert rådgjevingstenester til Ulstein Fjernvarme AS i Ulsteinvik og Førdefjorden Energi AS i Førde.
- På begge plassane er det etablert anlegg som gjer det mogeleg å nytte fornybar varme og kjøling frå fjorden til oppvarming og kjøling av bygningar.
- Sjølv om hovudanlegga er på plass, er hjelp til vidare utbygging og drift noko som Fjordvarme arbeider med, seier Hjelle.

Bør legge føringar

Han meiner at fleire utbyggarar bør legge føringar for fornybare energiløysingar for sine eigedomar.
- Ja, her er det eit stort potensiale med fjordvarme nær sjøen og borehol i fjell for eigedomar lenger frå sjøen.
Hjelle seier at i tillegg til energiområdet, er tenester innanfor vatn, avløp og overvatn svært etterspurde i dag. Her har Fjordvarme eit godt samarbeid med hovudeigar Nordplan, som i tillegg tek seg av reguleringsarbeid og prosjektering på veganlegg og bygningar.
På drift har selskapet også eit nært samarbeid med eit anna selskap i Nordplan-konsernet, Enøk-senteret AS, som har lang og brei erfaring på dette området.
Nordplan eig 51,2 prosent av selskapet, Eid kommune 37,1 prosent, Magne Hjelle 10,1 prosent og Riksheim Consulting 1,5 prosent.
Fjordvarme har fire årsverk og omsette i 2019 for 6,2 millionar kroner.
Her er det eit stort potensiale med fjordvarme nær sjøen og borehol i fjell dersom ein bur lenger frå sjøen

Publisert: 05.06.2020 14:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57