Bygg anlegg illustrasjonsbilde 11
BYGGKONKURS: Mesterbygg Ålesund har både oppført bustader til folk med eigne tomtar og samarbeida med grunneigarar om utvikling av bustader. Illustrasjonsbilde: Ogne Øyehaug
Nytt

Konkurs etter nær 20 år i bransjen

Sviktande sal og kommunal saksbehandling velta byggfirma i Ålesund, ifølgje styreleiar.

Marius Rosbach
06.09.2022

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Mesterbygg Ålesund, etter at leiinga melde oppbod.

Ifølgje kjennelsen frå retten har byggefirmaet ei gjeld på 3,5 millionar kroner, som dei ikkje er i stand til å gjere opp. Retten fekk ikkje opplyst kva for verdiar som ligg i selskapet.

Fleire årsaker til konkursen
Styreleiar Johs A. Aspehaug fortel at det er fleire årsaker som ligg bak konkursen.

- Vi har opplevd sviktande sal av bustader, og fleire prosjekt har vorte forsinka både grunna marknaden og kommunal saksbehandling, fortel styreleiaren.

Han fortel at både langdryg saksbehandling i kommunen og den uavklara avløpssituasjonen i Ålesund og Sula kommune, gir ekstra utfordringar som byggfirma.

- Samtidig har vi hatt lågare inntening enn vi burde hatt, på grunn av situasjonen i marknaden med høgare råvareprisar, legg han til.

Knappe marginar
Mesterbygg Ålesund blei starta i 2003 og hadde seinast i 2020 ei omsetning på meir enn 40 millionar. Rekneskapa for dei siste åra viser at drifta har gått med overskott, men marginane har vore knappe.

Det har vore fem tilsette i byggefirmaet, men verksemda var innstilt på konkurstidspunktet. Bustyrar er Bjørn-Ivar Borgund og første skiftesamling er 17. oktober.

Publisert: 06.09.2022 10:43

Sist oppdatert: 06.09.2022 11:24

Mer om