– Fleire viktige nye prosjekt
Havyard-aksjen steig mest etter at Hav Group melde dei var i godkjenningsfase på hydrogenprosjekt.
Hav Group og Havyard Group leverte tysdag rapportane for første halvår.
– Andre kvartal for nok ein travel periode for Hav Group med høgt aktivitetsnivå i heile konsernet og fleire viktige nye prosjekt, opplyser Hav Group i børsmeldinga.
Havyard-aksjen steig mest i etterkant av dei to, og var mellom vinnarane tidleg i handelen ved Oslo børs. Ved 11-tida tysdag er aksjeverdien stege med 7,3 prosent. Hav-aksjen var då opp med kring fire prosent.
Hydrogenprosjekt i godkjenningsfase
Vidare kjem det mellom anna fram at Hav Hydrogen er i godkjenningsfasen på eit stort utviklingsprosjekt. Dei fekk i 2018 sokalla pilot-E-støtte frå styresmaktene på 95 millionar.
Prosjektet kalla «FreeCO2ast» tek mål av seg å utvikle ein skalerbar maritim løysing for hydrogen, som gjer det mogleg å segle med høg fart over lengre strekningar.
Første fase av dette «banebrytande» arbeidet er fullført. No går dei over i godkjenningsfasen for hydrogensystemet, opplyser selskapet i meldinga.
saka held fram under
Hav Group | ||
Resultat (i mill kr) | ||
2. kvartal 2021 | 2. kvartal 2020 | |
Driftsinntekter | 303,9 | 186,2 |
Driftsresultat | 41 | 27,4 |
Res. før skatt | 38,4 | -9,3 |
1. halvår 2021 | 1. halvår 2020 | |
Driftsinntekter | 611,6 | 373,7 |
Driftsresultat | 64,3 | 54,7 |
Res. før skatt | 56 | -17,4 |
Havyard Group gjeldfritt
Havyard Group hadde lågare omsetning, men betre lønnsemd, ifølgje børsmeldinga.
Morselskapet Havyard Group er no gjeldfritt etter refinansiering av konsernet.
Selskapet har betalt tilbake eit obligasjonslån og eit lån på 55 millionar i DNB er overført til Hav Group. Dei viktigaste vilkåra for lånet er mellom anna at selskapet skal ha positiv arbeidskapital og likviditet på 35 millionar.
Mindre å gjere ved Leirvik-verftet
Medan det er auka aktivitet i Hav Group, blir det mindre å gjere ved verftet i Leirvik.
I løpet av andre kvartal ble det levert to nybygg og verftet har dermed to nybygg igjen, før de går over til en ny fase med å konsentrere seg om ombygging.
Havyard Group | ||
Resultat (i mill kr) | ||
1. halvår 2021 | 1. halvår 2020 | |
Driftsinntekter | 1205 | 1298 |
Driftsresultat | 104 | 74 |
Res. før skatt | 132 | -32 |
Publisert: 31.08.2021 08:03
Sist oppdatert: 31.08.2021 11:05